Herold

– Slagsmål og amper stemning

Plus
Kilde: Sandnesposten Author: Mikkjell Lønning Published: 2026-05-25 04:15:32
– Slagsmål og amper stemning

Politiet dukka opp i Stavanger sentrum.

– Politiet har rykka ut til Torget i Stavanger etter melding om slagsmål og amper stemning mellom russ og personar, skriv operasjonsleiar Roger Litlatun på politiets meldingsteneste.

Det var seint søndag kveld at situasjonen oppstod.

Politiet var innom staden og snakka med dei involverte, men fleire hadde stukke av. Ingen skal ha blitt skadde.

Det har elles vore ei forholdsvis roleg natt for naudetatane i Sør-Rogaland, om ein skal tru aktiviteten i politiloggen.

Nordover har det vore litt meir å henge fingrane i.

Politiet stoppa ein førar for ruskøyring på Stord, og hamna i ei jakt etter nokre ungdommar på ein lett motorsykkel i Haugesund.

Motorsyklistane prøvde først å køyre frå politiet, men då dei blei tatt igjen, la dei visstnok på sprang, skriv politiet.

– Dei tre på motorsykkelen var unge gutar i starten av tenåra. Dei blei køyrt heim og foreldra kontakta. Føraren hadde ikkje gyldig førarkort og bli meld for fleire trafikkbrot, skriv Litlatun.

🏷️ Extracted Entities (6)

Roger Litlatun (person) Stavanger (entity) Haugesund (place) Stord (entity) Sør-Rogaland (place) Torget (entity)