Brann i garasje - naboane måtte evakuere
Plus
Natt til søndag rykte naudetatane ut til ein garasjebrann i Makrellvågen på Radøy.
Det var i starten fare for spreiing til bustader, men situasjonen kom raskt under kontroll.
Klokka 02:24 opplyste operasjonsleiar i politiet, Jørgen Ommedal, at naudetatane var på veg til staden. Grunna fare for at elden skulle spreie seg til nærliggande bustader, byrja bebuarane i området å evakuere på eiga hand. Dei fekk samstundes flytta bilar som stod parkerte i nærleiken av garasjen.
Ifølgje politiet vart det ikkje meldt om personskader i brannen.
Eit knapt kvarter etter første melding, klokka 02:39, opplyste operasjonsleiaren at brannvesenet var i gang med sløkkingsarbeidet.
Klokka 02:49, vart det meldt at brannvesenet hadde fått kontroll på brannen.
🏷️ Extracted Entities (3)
Jørgen Ommedal
(person)
Makrellvågen
(entity)
Radøy
(place)