Herold

Eivind (30) tok milliongrep for framtida: – Kjekt å kunne styre sin eigen arbeidsdag

Plus
Kilde: Haugesund avis Author: Jogeir Bigset Published: 2026-05-24 22:01:00
Eivind (30) tok milliongrep for framtida: – Kjekt å kunne styre sin eigen arbeidsdag

Arbeidsdagen sluttar sjeldan før midnatt. Nå har Eivind investert 15 millionar kroner. På sikt vil han bli sin eigen sjef.

KARMØY: – Nå i byggeprosessen har det gått i eitt. Eg har gått på autopilot.

Det fortel Eivind Soldal (30).

I februar fekk bonden flytte dyra inn i den flunkande nye fjøsen på Hillesland, i Skudeneshavn.

Prislapp: 15 millionar kroner.

Heldigvis fekk han fem millionar i støtte frå Innovasjon Norge.

Det har vore lange dagar, ikkje at det er noko unikt for ein deltidsbonde.

Gir seg først etter midnatt

Til dagleg jobbar Soldal som industrimekanikar.

– Eg begynner i fjøsen om morgonen, så er det jobb. Når eg kjem heim derifrå i 17-tida, snik eg litt i grytene til mor, så er det opp i fjøsen igjen. Det er ofte midnatt før eg gir meg, fortel han, då han beskriv ein vanleg arbeidsdag.

Soldal er vaks opp på gard og er odelsgut.

Møtte nye krav

I 2018 kjøpte han denne garden og slo den saman med slektsgarden då faren gav seg i 2022.

Det har blitt ein mellomstor gard med 150 mål dyrka mark og 200 mål med beite.

Å bygge ny fjøs var nødvendig.

– Eg hadde to utslitne fjøsar, og i 2034 kjem det krav om lausdrift, forklarar 30-åringen.

Satsar på grøne tal

Den nye fjøsen måler 1.500 m².

Her er det plass til 30 ammekyr, 20 mjølkekyr og ei velferdsavdeling med 15 båsplassar.

– Det er 128 plassar til store dyr. Når alle kalvar er det 200 dyr til saman, fortel han.

Soldal jobbar nå med å vere ferdig med å bygge opp besetninga om eitt år.

– Kva tenker du om å gjere ei så stor investering?

– Nei, ikkje så mykje, så lenge eg får grøne tal ved årsslutt. Eg må berre stole på det papira seier, og så får me sjå korleis det går, svarer han.

På sikt ønsker han å bli heiltidsbonde.

Sin eigen sjef

Soldal går nå ein lettare kvardag i møte.

Den nye fjøsen har både mjølkerobot og automatisk klimaanlegg.

– Kvifor ønsker du å satse på dette?

– Nei, eg er vaksen opp på gard og har vore i fjøsen sidan eg var liten. Det er kjekt å kunne styre sin eigen arbeidsdag.

Og han er glad i å jobbe.

– Eg var ei veke i syden nyst. Det gjekk fint, men kompisane mine kommenterte at eg ikkje klarer å vere i ro i eit kvarter, humrar han.

🏷️ Extracted Entities (4)

Eivind Soldal (person) Hillesland (place) Innovasjon Norge (person) Skudeneshavn (entity)