Herold

I jula skal ølet vere svart

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Peder Skjelten Published: 2025-12-08 14:04:06
I jula skal ølet vere svart

I den mørkaste tida søkjer nordmenn til det mørkaste ølet. Vi kjøper mykje meir av denne øltypen i desember enn resten av året. Tradisjonen står sterkt, særleg til julemat.

Vi elskar nisseøl

Mørkt øl i mørketida

Heilårsøl

Juleøl er å rekne som mørkare enn anna øl. Det er av typen mørk lager, porter eller stout. Smaken er fyldigare og kan minne om kaffi, sjokolade og karamell.

I desember kjøper vi nordmenn fire gongar så mykje av desse ølsortane som elles i året – med eit lite unntak av påske.

– November og desember er den viktigaste sesongen for eit handverksbryggeri, fortel Espen Lothe ved Kinn bryggeri i Florø.

Dei siste 20 åra har mørk lager og bokkøl dominert salet i julesesongen, fortel David Gardonio, produktsjef for øl ved Vinmonopolet.

– I Norge har vi ein sterk tradisjon for desse ølsortane til jul. Det er slik mange framleis meiner juleøl skal vere, seier Gardonio om mørk lager, porter og staut til Nynorsk pressekontor.

Dette blir marknadsført som juleøl. Likevel har handverksbryggeria dei siste åra laga all slags øltypar og kalla dei juleøl, noko som gir dei større salspotensial.

– Det ser vi veldig tydeleg: Alt som har «jul» eller «nisse» i namnet, blir populært i desember.

For det er i denne månaden dei har størst pågang. Det kjem mellom anna av at tradisjonen med øl på julebord og til julemat står sterkt.

– Vi har stor pågang i juleperioden – faktisk sel vi ein tredel av alt øl i systemet vårt i november og desember. I fjor blei 77 prosent av mørk lager i systemet vårt selt i dei to månadene, seier Gardonio.

Til mørkt øl blir det brukt røsta malt i maltblandinga. Det er malt som går gjennom den same prosessen som kaffi- og kakaobønner. Dei blir varma slik at protein og karbohydrat mørknar og får smakar som ein ikkje får i lyst øl.

Ved bryggeriet i Florø har dei no seks ulike juleøl som dekker spekteret av lyst, mellomfarga og mørkt.

– Om vinteren drikk folk meir raudvin enn kvitvin. Mørkt og kraftig passar vinteren, lyst og lett passar sommaren. Slik er det òg med øl. I den mørkaste tida tenkjer folk automatisk på mørke drikker, seier Lothe.

Det er òg meir passande til maten vi et i mørketida.

– Når hausten kjem, får ein lyst på kjøtgryter, vilt, rotgrønsaker og sopp. Då passar det med raudvin eller mørkt øl. I Noreg er juleøltradisjonen primært knytt til mat, og juleøl skal først og fremst passe til julematen. Det er likevel ikkje all julemat som krev mørkt øl. Til dømes lutefisk, rakfisk, torsk og kalkun passar det betre med lyst øl. Til pinnekjøt og røykt kjøt må du derimot ha noko kraftigare, meiner Lothe.

Dei seinare åra har det òg kome litt meir etterspurnad etter juleøl heile året, sjølv om dette salstalet til no framleis er lågt.

– Det er naturleg at folk drikk meir mørk porter, staut og lager i den kalde delen av året. Frå januar til oktober er salet av desse tre typane stabile, men har store hopp i november og desember, seier Gardonio hos Vinmonopolet.

Lothe ved Kinn bryggeri skulle ønske nordmenn ville drikke mørke ølsortar heile året.

– Eg synest det er både synd og litt rart at dette skal vere sesongøl. Mørkt øl er smaksrikt og desse sortane treng ikkje vere så tunge som folk ofte trur. På ein varm sommardag kan eg fint drikke eit mørkt øl. Det er òg eit svært anvendeleg matøl som passar til mange ulike rettar, seier Espen Lothe.

(©NPK)