Herold

Overvakingsvideo viser kva som skjedde med Oliver i Polen

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2025-12-08 14:16:50
Overvakingsvideo viser kva som skjedde med Oliver i Polen

PÄrÞrande har sett overvakingsvideo som viser at den 20 Är gamle nordmannen Oliver Rivedal fall i elva Wisla i Polen. Hendinga framstÄr som ei ulykke.

PÄrÞrande til den savnede 20-Äringen Oliver Rivedal har vore i Polen og snakka med polsk politi. Dei har no sett overvakingsvideo frÄ elva Wisla som viser kva som skjedde.

I ei pressemelding frÄ politiet skriv kommunikasjonsdirektÞr Arne Lutro pÄ vegner av familien:

– Dei Ăžnskjer Ă„ formidle og stadfeste at dei har sett pĂ„ video frĂ„ overvakinga langs elva Wisla. PĂ„ videoen ser dei at Oliver stĂ„r ved elvekanten, han skli og fell deretter ut i vatnet. Han prĂžver Ă„ symje mot land, men blir teken av straumen og fĂžrt nedover elva der han til slutt gĂ„r under..

Hendinga framstÄr som ei ulykke, og at Oliver ikkje hadde intensjon med Ä gÄ ut i elva. Dei pÄrÞrande har sjÞlve oppsÞkt staden der ulykka skjedde.

– Vi kan stadfeste at det var svért glatt langs elvekanten, seier dei.

Politiet i Polen held fram arbeidet med Ă„ leite etter Oliver Rivedal.