Herold

Dronning Sonja må avlysa besøket i Vaksdal

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Esben Hesjedal Published: 2026-05-24 16:00:49
Dronning Sonja må avlysa besøket i Vaksdal

Søndag vert det opplyst at Dronning Sonja er sjukmeldt.

Slottet opplyser i ei pressemelding at dronninga er sjukmeldt grunna hjarteflimmer og hjartesvikt. Dette kom fram under ei undersøking ved Rikshospitalet.

Som følgje av sjukmeldinga vil ikkje dronninga delta på fylkesturen til fire kommunar i Vestland, mellom desse Vaksdal.

Kong Harald vil gjennomføra fylkesturen som planlagt.

- Håpar på betring

Ordførar i Vaksdal, Hege Eide Vik, er vertskap under kongebesøket. Ho får altså berre ønskja kong Harald velkommen ved Dale skule onsdag.

I ein kommentar til VP søndag, uttrykkjer ordføraren sympati med dronninga som er sjukmeldt.

- Eg håpar dronning Sonja snart kjenner seg betre. Og så er eg glad for at kongen gjennomfører besøket, og eg gler meg til å ta imot han, seier Hege Eide Vik.

Treng kvile

I meldinga som kom søndag frå slottet, står det følgjande:

- Hennes Majestet Dronninga er etter undersøkingar på Rikshospitalet i dag sjukmeldt i ei veke på grunn av hjarteflimmer og hjartesvikt. Dronninga treng kvile og tilpassing av medisinering.

Det vert vidare opplyst at dronninga ikkje vil vera innlagt ved Rikshospitalet, men opphalde seg heime i perioden. Dronninga er ved godt mot, heiter det.

🏷️ Extracted Entities (9)

Sonja (person) Vaksdal (place) Rikshospitalet (entity) Harald (person) Hege Eide Vik (person) Dale (entity) Hennes Majestet Dronninga (person) VP (entity) Vestland (place)