Herold

Årets cruisesesong: 42 besøk og knappe 125.000 gjestar

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Liv Standal Published: 2025-12-09 04:01:00
Årets cruisesesong: 42 besøk og knappe 125.000 gjestar

Det har vore oppsummeringsmøte etter årets cruisesesong i Måløy, og synet på framtida er optimistisk.

Utfordringar og optimisme

Auke neste år

Måløy har i løpet av årets sesong hatt 42 anløp med til saman 124.474 besøkande.

Handelsstanden melder om høg aktivitet, sjølv om omfanget av handel varierer ut frå nasjonaliteten til turistane.

Mange handlar produkt som sjokolade og brunost i butikkane, og haldninga til søndagsopne butikkar er positiv.

Kyrkja har hatt dagar med opptil 1700 besøkande.

Samstundes blir det etterlyst betre skilting, fleire toalett og oppdatert informasjon. Her lovar Nordfjord Havn nye kart, og det kom forslag om referansepunkt i Google Maps.

Det er også utfordringar, som transportkapasitet ved dobbeltanløp. Reiarlaga AIDA og Costa har difor fjerna framtidige anløp til Trollebø.

Lokale attraksjonar som Kråkenes og Kannesteinen slit med tilrettelegging: ved Kråkenes vart vegen «frå ein dag til annan» vurdert som for smal, medan parkeringskapasiteten er ei hovudutfordring.

Nordfjord Havn løyvde for fleire år sidan ein million kroner til prosjektet med utsiktsplatå på Ellingskarshornet over Måløy sentrum. Men det ser ikkje ut til at kommunen kjem i gang med dette i år, så her må Måløy Vekst og Nordfjord Havn vere pådrivarar for vidare framdrift, heiter det.

Oppsummeringa frå møtet er optimistisk: Måløy har eit solid utgangspunkt som cruisedestinasjon med god mottaking, engasjert næringsliv og mange utfluktsmoglegheiter.

To nye utflukter vil komme på plass neste år: Tønnefabrikken og Hendanes fyr.

Men for å sikre framtidig vekst må infrastrukturen ved Kråkenes og Kannesteinen løysast, samtidig som kommune, hamn og lokale aktørar vidarefører det tette samarbeidet med satsing på berekraft og tilrettelegging.

Det er starta eit målretta arbeid for å styrkje reiselivet gjennom etablering av ei regional destinasjonsleiing og eiga lokal reisemålsleiing. Arbeidet er teke over av Kinn kommune frå Visit Fjordkysten, og målet er eit «vegkart for reiselivet» der berekraft og samarbeid mellom aktørar står sentralt.

For 2026 er det venta 65 cruiseanløp med om lag 145.000 passasjerar.