Herold

Tusenvis av hummarteiner forsvinn kvart år

Plus
Kilde: Firdaposten Author: NTB Published: 2025-12-09 10:29:39
Tusenvis av hummarteiner forsvinn kvart år

Kvart år går tusenvis av hummarteiner tapt i havet. Havforskingsinstituttet (HI) anslår at fritidsfiskarar mista rundt 8.300 og yrkesfiskarar rundt 350 i fjor.

Det går fram av ei sak nettsida til Havforskingsinstituttet.

Saman med tapte teiner frå tidlegare år, bidreg dette til det som blir kalla spøkelsesfiske. Hummar og andre dyr kjem inn i teinene, og sjølv om nokre kjem seg ut igjen, døyr andre og blir til agn som lokkar til seg nye dyr.

Slik kan tapte teiner halde fram med å fiske i lang tid. Det bidreg til både unødige lidingar for dyr og til forsøpling av havet.

– Dette betyr at det trengst tiltak både for å redusere nye tap av teiner og for å fjerne gamle teiner som framleis fiskar, seier havforskar Susanna Huneide Thorbjørnsen.

Thorbjørnsen trekkjer fram påbodet om rotnetråd – ein enkel bomullstråd montert på teina – som viktig i kampen mot spøkelsesfiske.

Fiskeridirektoratets kontrollar viser at fiskarane har vorte ganske flinke til å følgje påbodet. Av kontrollerte teiner i aktiv bruk i 2024, hadde nesten ni av ti rotnetråd.

(©NPK)