Svar til Elisabeth Halsne
Plus
Elisabeth Halsne i Stavøy grendelag kritiserer Skyss for dårleg handtering av skuleskyss ved ei innstilling til Veiesund 2. desember. Vi er samde i at dette burde ha vore handtert betre, og vi ser behovet for betre planlegging når det gjeld alternativ for skuleskyss med båt i slike situasjonar. Det er noko vi vil følgje opp.
Samstundes vil det ofte ikkje vere mogleg å avklare alternativ transport så raskt som Halsne gjev uttrykk for at det burde vere, særleg ved innstillingar på kort varsel. Det handlar mellom anna om tilgang på buss og sjåfør i eit langstrakt geografisk område. I dette tilfellet tok det om lag 20 minutt å få gjort nødvendige avklaringar, og det beste som var mogleg å få til, var ein buss rundt ein time seinare.
Det er lett å sjå at kommunikasjonen burde ha vore betre mellom Skyss, skule og foreldre. Skyss sin kommunikasjon er vårt ansvar. Det inkluderer sjølvsagt ein flau skrivefeil i ein SMS, sjølv om det verken var denne eller manglande lokalkjennskap som gav skuleelevane ei dårleg løysing denne dagen.
Skyss til bry