Senioruniversitetet meiner dette føredraget vil vera midt i blinken
Plus
Siste møte i vårsemesteret til Kvinnherad Senioruniversit er lagt til Riddersalen til Baroniet Rosendal 28. mai, der ein får høyra Trond-Viggo Torgersen og kona Kristin Helle-Valle i samtale med Mari Garaas Monsson frå Nitimen.
«Er det éin ting vi alle har felles, så er det resten av livet – kort eller langt. Og mange av oss fryktar det uunngåelege – alderdom, sjukdom og død. Men kva skjer eigentleg i kroppen når vi blir eldre, og kva kan vi gjera for å forseinka utviklinga? Kva vil det seia å bli eldre, og korleis handterer vi overgangar og endringar i den delen av livet?»står det innleiingsvis i pressemeldinga frå senioruniversitetet.
Og dette har ekteparet Trond-Viggo Torgersen og Kristin Helle-Valle skrive bok om, kalla «Resten av livet», som handlar om overgangen til pensjonisttilværelsen.
«I samtaleføredraget i Riddersalen snakkar Trond-Viggo og kona Kristin inspirerande og muntert om livet, kroppen si aldring og overgangen til å bli pensjonist – ein fase som kan vera både frigjerande og forvirrande. Med humor, livserfaring og solid kunnskap tek dei oss med inn i eit livskapittel fylt av moglegheiter, men òg identitetsendringar, nye roller og endringar i relasjonar. Samtalen løftar fram tema vi ofte utset å tenkje på, og avgjerder vi har ein tendens til å skyva framfor oss – det handlar om val, forvandlingar, vennskap, familie, økonomi, avslutningar og nye moglegheiter. Trond-Viggo og Kristin møter Mari Garaas Monsson frå Nitimen til samtale, og vi kan lova ei ettertenksam og morosam oppleving om det gode livet som senior!»
Trond-Viggo signerer bøker i etterkant av arrangementet, og dei som vil delta må kjøpa billettar via baroniet si nettside, skriv senioruniversitetet.
Han har blitt ein folkefavoritt etter TV-serien – til hausten kjem han til Husnes