Gult farevarsel – ser aukande fare frå måndag morgon
Plus
Snøsmelting og mykje nedbør i kombinasjon gjer at vassføringa stig i fleire elver. Det gjer at det er sendt ut gult flaumvarsel frå måndag morgon.
Frå morgonen av, måndag 25. mai, er det oppretta gult farevarsel for flaumfare. Varselet gjeld for midtre og indre delar av Vestland fylke, særskilt område som drenerer høgfjellsområde.
Årsaka til det gule farevarselet er mildvêr og den siste tidas nedbør. Dette gjer at vassføringa vert høg i elver som drenerer område med snø, går det fram av yr.no.
Denne vassføringa er venta å auke ytterlegare som følge av meir nedbør måndag, og kan overstige gult nivå i nokre elver. Dette kan også føre til lokale overfløymingar.
Det gule farevarselet er difor sett med oppstart frå 08.00 måndag morgon, med aukande faregrad utover dette.
Varsom.no har følgjande tilrådingar, knytt til flaumfaren: