Herold

Fredrik (14) set konfirmasjonsgåva i fond: Nå gjer fleire det same

Kilde: NRK Author: Frid Hildridatter Brox Published: 2026-05-24 07:47:43
Fredrik (14) set konfirmasjonsgåva i fond: Nå gjer fleire det same

Dei fleste av konfirmantane i år bruker pengegåva til sparing. Nå gir økonomane råd til nyrike ungdommar.

Saka oppsummert:

  • Mange konfirmantar vel å spare pengegåvene sine, ofte til bustad eller langsiktig investering i fond.
  • Ekspertar anbefaler aksjefond for langsiktig sparing, da pengane kan doble seg i verdi kvart ellevte år.
  • Undersøkingar viser at gutar får meir pengar enn jenter, men jenter er flinkare til å spare til bustad.
  • Økonomibloggaren Jenny Lund understrekar viktigheita av å ha ein plan for pengane, men også verdien av å gjere feil og lære av dei.
  • Mange konfirmantar får pengegåvene digitalt, noko som kan gjere det lettare å miste oversikta utan ein konkret spareplan.

– Nokon eg kjenner brukte opp alle pengane ganske kjapt. Så eg skal prøve å ikkje gjere same tabben.

Fredrik Sypula Nordlie (14) har nettopp vore på konfirmasjonskurs i Glemmen kyrkje i Fredrikstad.

Han skal konfirmerast i september. Pengegåva har han allereie ein plan for.

– Eg trur eg kjem til å bruke ein del på hobbyen min.

Nordlie driv nemleg med kampsport, og reiser rundt for å konkurrere.

– Eg konkurrerer blant anna i England, så det er gøy.

Resten av pengane ønsker konfirmanten å spare til utdanning.

– Eg trur kanskje eg skal sette dei inn i fond, så ikkje alt blir borte med ein gong.

Konfirmantane i Glemmen kyrkje går jamleg på kurs i løpet av konfirmasjonsåret. Dagens tema var sorg og død.

Sparetipset til eksperten

Elisabeth Landsverk, privatøkonom i SpareBank 1 Austlandet, er einig med Nordlie i at fond er ei smart løysing.

Ho understrekar at val av sparemåte har mykje å seie for resultatet.

Og forklarer at aksjefond er det beste valet dersom du skal spare over så lang tid som 10–20 år.

Elisabeth Landsverk er privatøkonom i SpareBank 1 Austlandet.

– Set du 20.000 kroner i fond, kan beløpet ha vakse til nær 40.000 kroner etter 10 år, seier privatøkonomen.

Pengar plassert i aksjefond kan historisk sett doble seg i verdi omtrent kvart ellevte år.

Ivrige på bustadsparing

Dette verkar det som dagens konfirmantar har fått med seg. Det viser ei ny undersøking frå SpareBank 1 Austlandet.

Der kjem det fram at nesten 40 prosent av konfirmantane sparer pengegåvene til bustad. Samtidig vel éin av fire å investere i fond eller aksjar.

– Konfirmasjonspengar er ofte den første ordentleg store summen ungdommar får, og da er det heilt fantastisk at så mange prioriterer langsiktig sparing, seier Landsverk.

Nesten 40 prosent av konfirmantane sparer pengegåvene til bustad.

Ifølge henne er det unge kvinner som er aller ivrigast på å spare konfirmasjonspengar til bustad.

45 prosent svarer nemleg at dei har sett av pengane til eigenkapital, mens rundt 30 prosent av gutane svarer det same.

Slik bruker konfirmantane pengane:

Sparing til bustad: 38 prosent

Sparing i fond eller aksjar: 25 prosent

Førarkort: 16 prosent

Gamingutstyr: 12 prosent

Ferie: 6 prosent

Moped eller mopedbil: 5 prosent

Bunad: 4 prosent

Anna:18 prosent

Er ikkje konfirmert: 13 prosent.

Resultata er frå ein undersøking gjennomført av Sentio på vegner avSparebank 1 Austlandet.500 unge mellom 15–21 år har deltatt. Totalen blir over 100 prosent grunna flervalgsspørsmål.

Gutane får mest pengar

Undersøkinga viser også at gutar får nesten 5000 kroner meir enn jenter i pengegåve:

  • Gutar: 30.868 kroner
  • Jenter: 25.954 kroner

Landsverk meiner at forklaringa på dette truleg kan vere bunaden.

– Det er ei fantastisk gåve og eit plagg for livet, men det gjer også at mange jenter startar vaksenlivet med mindre pengar på konto enn gutane, seier ho.

Elisabeth Landsverk meiner bunaden kan vere ei årsak til at gutar i gjennomsnitt får meir pengar enn jenter i konfirmasjonsgåve.

Samtidig understrekar ho at jentene ofte er flinkare til å tenke framover.

– Dei kan klare å jamne ut forskjellen i beløp, sjølv om dei startar med mindre enn gutane.

Lettare å miste oversikta

– Det er litt annleis nå enn før.

Jenny Lund er økonomibloggar og står bak Pengeboka, ei handbok i økonomi skrive spesielt for ungdom.

Ho forklarer at det var lettare å ha oversikt over pengane da vi brukte meir kontantar.

Jenny Lund er økonomibloggar og står bak Pengeboka, ei handbok i økonomi skrive spesielt for ungdom.

I dag er det derimot vanleg å få konfirmasjonsgåva på Vipps.

– Utan ein plan er det fort at pengane blir brukte litt her og der.

– Så har ein ikkje fått gjort det ein eigentleg hadde lyst til med dei.

Dette gir vi i konfirmasjonsgåve

Forelder: ca. 9150

Besteforelder: ca. 6550

Fadder:ca. 1800

Tante/onkel:ca. 1350

Kusine/fetter:ca. 1050

Venn av familien: ca. 1150

Tala er henta frå ei undersøking utført av Sentio på vegner av SpareBank 1 Austlandet. Datainnsamlinga blei gjort i april og mai 2025 blant eit utval på 1000 personar i Noreg over 18 år.

Viktig å gjere litt feil

Økonomibloggaren meiner det ikkje går an å gi eit fasitsvar på kva konfirmantane bør bruke pengane på.

– Ønsker ein seg ein moped, noko å pynte rommet med eller litt nye klede – kvifor ikkje?

– Har ein tenkt litt på det, så er det fint.

Økonomibloggar Jenny Lund meiner det ikkje finst nokon fasit for kva ein bør bruke pengane på.

Ho oppfordrar samtidig foreldre til å la konfirmantane gjere litt eigne feil mens dei ennå er unge.

– Om ein ser på heile livsløpet, vil ein mest sannsynleg ha mykje meir pengar til rådvelde når ein begynner å jobbe.

– Det å gjere litt feil når ein er ung, er også fint. Ein lærer jo av dei feila ein gjer.

Gutegjengen er ferdig med dagens konfirmantkurs.

Tilbake i Glemmen kyrkje er Fredrik Sypula Nordlie og kompisane på veg heim etter dagens kurs.

Nordlie ser fram til konfirmasjonen, men innrømmer at det ikkje berre er frivillig.

– Eg blir tvinga, og så gjer eg det litt for pengane òg.

🏷️ Extracted Entities (16)

Austlandet (entity) Elisabeth Landsverk (person) Jenny Lund (person) SpareBank (entity) Forbrukersaker (Østfold) 📁 (category) Fredrik Sypula Nordlie (person) Glemmen (entity) Unge i Østfold 📁 (category) Utdanning i Østfold 📁 (category) Østfold 📁 (category) Pengeboka (entity) Sentio (entity) England (place) Fredrikstad (place) Noreg (entity) Vipps (entity)

📊 Metadata

Category: Østfold, Unge i Østfold, Forbrukersaker (Østfold), Utdanning i Østfold