BKK reduserer nettleiga med ti prosent frå nyttår
Plus
Nettleiga for privat- og næringskundar blir redusert frå 1. januar. Ifølge selskapet vil prisjusteringa føre til betydelege innsparingar for kundane.
Høgare flaskehalsinntekter
Då er straumen billegast
– Prisjusteringa betyr at ei hushaldning med eit årleg straumforbruk på 25.000 kWh får redusert nettleiga med om lag 1350 kroner i året, som er om lag ti prosent, opplyser BKK i ei pressemelding.
I tillegg BKK sin reduksjon, kjem det òg ei redusert elavgift frå staten. Den nye satsen for elavgifta blir 8,91 øre per kWh for heile året.
Regjeringa har i sitt reviderte forslag til statsbudsjett for 2026 vedteke denne reduksjonen. For ein hushaldning med eit årleg forbruk på 25.000 kWh kan dette utgjere ei årleg innsparing på rundt 1100 kroner.
Reduksjonen i nettleiga skuldast i hovudsak lågare kostnader frå Statnett, som er eit resultat av høgare forventa flaskehalsinntekter.
– Desse inntektene oppstår ved utveksling av kraft mellom prisområde og kjem kundane til gode gjennom lågare nettleige, heiter det i pressemeldinga.
BKK varslar samtidig at Statnett har meldt om auka kostnader i 2027, som igjen kan bidra til å auke nettleiga.
Her er nokre eksempel på korleis prisendringa kan slå ut:
BKK har òg valt å setje ned energileddet for natt, helg og heilagdagar med 45 prosent. Dette skal gjere det meir lønsamt å flytte straumforbruket til desse tidspunkta, for å utnytte straumnettet betre og halde investeringsbehovet nede.
Energiledd natt og helg er måndag-fredag 22.00–06.00, heile laurdag og søndag, og raude dagar.
For kundar i regionalnettet blir nettleiga redusert med om lag 20 prosent gjennom endringar i effektleddet, medan høgspenningskundar og kundar med forbruk over 100 000 kWh får effektleddet redusert med om lag 10 prosent.
Straumprisen aukar. Det gjer Norgespris meir aktuelt
Stressa over juleøkonomien? Dette er eksperten sine råd