Herold

TV 2: Ada Stolsmo Hegerberg opplevde innbrot før Meisterligafinalen på Ullevaal

Kilde: NRK Author: Silje Steinnes Bjerknes Published: 2026-05-24 13:27:19
Hegerberg opplevde innbrot før finalen i Meisterligaen

Lyon-spiss Ada Stolsmo Hegerberg (30) frå Sunndalsøra blei utsett for eit innbrot kvelden før meisterligafinalen på Ullevaal.

Innbrotet skjedde i huset til 30-åringen i Frankrike.

TV 2 har fått bekrefta innbrotet av ein representant for Hegerberg i agentfirmaet A & V Sports.

– Dessverre opplevde Ada eit innbrot i heimen sin fredag kveld, og ho måtte handtere dette langt utover natta. Det er ikkje slik ein ønsker å bruke kvelden før ein finale i Meisterligaen.

– Til sjuande og sist får vi aldri vite kva innverknad dette hadde på henne, men slik er livet, fortel A & V Sports-representanten til TV 2.

Hegerberg har så langt ikkje kommentert saka sjølv.

Historisk kamp

Laurdag kveld spelte Hegerbergs Lyon mot Barcelona i meisterligafinalen på Ullevaal i Oslo. Der vann det spanske storlaget 4–0.

For første gang i historia var Ullevaal stadion utselt til ein kvinnekamp.

Ada Stolsmo Hegerberg og Caroline Graham Hansen møttest i finalekampen.

Hegerberg var med frå start og spelte det meste av kampen. Like før slutt blei ho bytta ut.

– Tøft. Veldig tøft resultat. Det er unødvendig at vi slepp inn så mange. Vi heng med i store deler, men vi klarer ikkje å utnytte bakrommet. Det er tøft no, sa Hegerberg etter kampen.

Hegerberg (30) er tidenes toppscorar i Meisterligaen for kvinner, og stod med 69 fulltreffarar for Lyon før laurdagens finale.

Fann sporingseining

Men oppladinga til kampen blei nok ikkje optimal.

Den franske storavisa L’Équipe melder at Hegerberg blei sjokkert då ho fekk vite at heimen hennar i Lyon hadde blitt utsett for eit innbrot.

Ifølge avisa skal Hegerberg også ha funne ei sporingseining på bilen sin to veker før innbrotet.

Hendinga blei ifølge avisa politimeld.

Om sporingseininga hadde noko med innbrotet å gjere er førebels ikkje kjent.

Hegerberg og fotballpresident Lise Klaveness.

Hegerberg er ikkje den einaste fotballprofilen som har opplevd innbrot.

Nyleg fortalde landslagsspelar Aron Dønnum at tjuvar har raida heimen hans i Frankrike to gonger.

Til NRK fortel han at tjuvane må ha overvaka han heile tida, sidan innbrota skjedde kort tid etter at han forlèt bustaden.

– Dei har openbert stått og følgt med på oss. Det er veldig ekkelt, fortel han.

🏷️ Extracted Entities (20)

Ada Stolsmo Hegerberg (person) Meisterligaen (entity) Ada Stolsmo Hegerberg 📁 (category) Fotball 📁 (category) Hegerbergs Lyon (person) Møre og Romsdal 📁 (category) Olympique Lyon kvinner 📁 (category) Sport 📁 (category) Sport i Møre og Romsdal 📁 (category) Ullevaal (entity) Den franske storavisa L’Équipe (organization) Frankrike (entity) V Sports (person) Aron Dønnum (person) Barcelona (place) Caroline Graham Hansen (person) Lise Klaveness (person) Oslo (place) Sunndalsøra (entity) TV (entity)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Fotball, Ada Stolsmo Hegerberg, Olympique Lyon kvinner, Sport, Sport i Møre og Romsdal
OpenGraph Title: TV 2: Ada Stolsmo Hegerberg opplevde innbrot før Meisterligafinalen på Ullevaal
Twitter Title: TV 2: Ada Stolsmo Hegerberg opplevde innbrot før Meisterligafinalen på Ullevaal