Herold

Får pengar til fysiske bøker: – Færre førsteklassingar får eige nettbrett i skulen

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-05-24 11:00:00
Får pengar til fysiske bøker: – Færre førsteklassingar får eige nettbrett i skulen

Kommunar får øyremerkte midlar til innkjøp av bøker til barnehagar og skular.

Torsdag fekk kommunane i Vestland til saman 18,6 millionar kroner som skal gå til innkjøp av bøker til barnehagar og skular.

Midlane er fordelte etter kor mange barnehagebarn og elevar det er i kommunen.

Kvinnherad får 364.808 kroner. 340.549 kroner av dei er tilskot til fysiske læremiddel i skulen, medan 24.259 kroner er tilskot til bøker i barnehage.

– Regjeringa har sett i gang ei historisk satsing på lesing, som ein del av regjeringa sin plan for Norge. Aldri før har kommunane fått så mykje pengar til fysiske lærebøker. I år har vi òg prioritert bøker til barnehagar, slik at barn frå tidleg alder får tilgang til gode leseopplevingar, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i ei pressemelding.

Satsinga på fysiske bøker er ei slags motvekt til prioriteringa av digitale læremiddel. Kunnskapsministeren understrekar at dei nye midlane kjem i tillegg til dei lærebøkene kommunane allereie skal kjøpa inn over eigne budsjett.

– I fleire år blei digitale læremiddel prioriterte føre fysiske lærebøker på mange skular. Den utviklinga er i ferd med å snu. Lærarane må ha reell fridom til å velja det som fungerer best i undervisinga, også trykte lærebøker, seier ho og held fram:

– Vi ser at færre førsteklassingar får eige nettbrett eller PC i skulen. Det er veldig positivt. Dei yngste barna treng først og fremst å læra å lesa, skriva og konsentrera seg, ikkje meir skjermtid, seier Nordtun.

No skal det sikrast: – Då blir kyrkja brukbar igjen

🏷️ Extracted Entities (4)

Kari Nessa Nordtun (person) Norge (entity) PC (entity) Vestland (place)