Herold

Øyer sentrum – nytte og trivsel, skog og oppvekst

Kilde: GD Author: Odd Inge Vistad, Øyer SV Published: 2026-05-24 08:46:01
Øyer sentrum – nytte og trivsel, skog og oppvekst

Ein kan også bruke «sentrumskontrollørene» (SK) til å reflektere, kjenne seg att og ikkje minst tenke: Kvifor tok dei ikkje med…?

For å starte litt privat: Ein heim og eit sentrum bør likne kvarandre. Båe stader bør ein kjenne på trivsel. Heime har eg to sofaer: ein hard og ein mjuk. Den harde er ved fjernsynet – den fungerer. I den andre har eg gjester - då trengs det noko i tillegg til at sofaen skal fungere.

Uavhengig av fint eller stygt: Øyer sentrum i dag fungerer, men ikkje som det bør. Det er som ein hard sofa – men den kan bli mjukare. Eg siktar til sentrum frå Kiwi-bygget i nord og til Lilleputthammer i sør. Dette er serviceområdet vårt. Heile strekninga er på berre 500 meter.

SK kritisere vegstrekninga for ikkje å fungere som ei gate, den liknar ein bygdeveg. Det er tenkt for lite på dei som går. På austsida av Kongsvegen/ Hundervegen er det samanhengande gang-/sykkelveg heile strekninga – veldig bra. På vestsida derimot – gjennom sentrum – er det stykkevis og delt og mangelfullt med gangveg. Og når ein må krysse bilvegen til fots så gjer ein det kor som helst, for det er få gangfelt og endå færre som er logisk kopla til «dit ein skal» eller til tydeleg gangbane på andre sida av vegen. Poenget er: bygg samanhengande gangveg langs heile vestsida.

Ja vel, men korleis kome over inn-/utkøyringa til E6? Kanskje berre med eit enkelt gangfelt? Eller kanskje må ein bygge ei høg gangbru over bilvegen? ( som ein velkomstportal til Øyer sentrum?). Det er ikkje for trongt mellom Scandic-hotellet og Hundervegen viss det er vilje til å bygge gangvegen. Kommunestyret har nyleg gjort vedtak om ein Gåstrategi for Øyerbygda. Denne gangvegen bør inn i planen.

Øyer sentrum fungerer godt for bilistar. Dei fleste av oss tek med bilen frå punkt til punkt for å få gjort alle ærend. Eit nyutvikla Øyer sentrum kan ikkje kallast vellykka før vi plasserer bilen éin stad, for så å gjere alle ærend til fots. Då blir det også høve til å gjere om delar av dagens parkeringsområde til bu-, nytte- og trivselspunkt. Øyer sentrum skal jo lokke oss til å bruke meir tid der – då må vi ut av bilen. Det må bli som ei samling med «gode sofaer» rundt trivelege tilbod og møtestader!

Eg saknar eit sentrumsutsal av lokalmat, atelier/utsal for lokale kunstnarar og handverkarar, og kafé med heimelaga – alt helst kopla til «same sofagruppa». Og kva med ein møte- og leikeplass for ungar (og vaksne) ved ‘sentrumsgata’, gjerne med nye eldrebustader tett på? Og ein møteplass for ungdom?

Sør for denne service- og sentrumsgata ligg skulane og skogen. Dette bør forbli det sentrale barne- og ungdomsområdet, når no heile oppvekstfeltet skal opp til drøfting. Ein såkalla «Mulighetsstudie oppvekst» er på gang. Denne skal legge grunnlag for arbeidet med utvikling/endring i Øyer for barnehagar og skular. Vidarheim er ikkje rekna som eigna for barnehagedrift. Og kommunen har kjøpt Granrudmoen barnehage. Ei samlokalisering nær sentrum av desse to er kanskje aktuelt. Ein snakkar også om «makeskifte» mellom Solvang og ungdomsskulen. Bør dei byte plass og så tilpasse om-/nybygging til den nye lokaliseringa? No «vurderes uteområdene ved dagens ungdomsskole som bedre egnet for barneskoleelever, med større område og direkte tilknytning til skog» (frå sakspapira til formannskapet). Eit veldig viktig poeng. Og like viktig: Ei ny stor barnehagetomt bør eventuelt også ligge i tilknyting til skog! Og tilgjengelege skogar finst det ikkje fleire av i denne delen av Øyer sør. Forsking ved NMBU tilseier at ein bruksskog ikkje bør vere meir enn 200 m frå ein barneskule.

GD skriv at Arthur Buchardt er forbanna på SK sine mange terningkast 1 og 2. Han meiner «Det gjenstår én mulighet» for Øyer, nemleg å bygge ut skogen mellom Lekeland, E6 og ungdomsskolen. Buchardt vil ikkje sjølv stå for ei slik satsing og meiner at den som gjer det «må tenke mer med hjertet enn med hjernen … og se 100 år framover».

Ja, her er det viktig med både varmt hjarta og langsiktig tenking. Derfor må vi ikkje bygge ut, men ta vare på skogen, og utvikle dette som eit skule-/oppvekstområde med denne bruksskogen tett på.

🏷️ Extracted Entities (13)

Øyer (entity) E6 (entity) Kongsvegen/ Hundervegen (organization) SK (entity) Arthur Buchardt (person) Granrudmoen (entity) Kiwi (entity) Lekeland (place) Lilleputthammer (entity) Mulighetsstudie oppvekst (entity) NMBU (entity) Scandic (entity) Solvang (entity)