Herold

Endeleg kan Slettebakken få som fortent

Plus
Kilde: BA Author: Sølve Rydland Published: 2026-05-24 06:22:24
Endeleg kan Slettebakken få som fortent

Idrettsbyen på Slettebakken er akkurat det Bergen treng. Akkurat der Bergen, men òg Slettebakken, treng det aller mest.

Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=141407 Då modernismen for alvor slo inn over Bergen på 1960-talet, var det på Slettebakken det skjedde.

Dei ganske så spektakulære spora, kan ein sjå den dag i dag. Det var både børs og katedral.

  • I 1964 fekk området det første kjøpesenteret i Bergen, det andre av sitt slag i landet. Sletten shoppingsenter introduserte byen for den amerikanske handlekulturen, som sidan aldri har slept taket.
  • Fire år seinare, i 1968, opna den nye bergenske storstova. Den modernistiske Bergenshallen, som var ishall om vinteren, messehall i sommarhalvåret, og ein konsertarena som fekk verdsstjerner til Bergen. Då 950
  • I 1970, opna nok eit framanarta bygg i området. Slettebakken kirke, som vart kalla den siste katedralen i byen, var omdiskutert, men står igjen som eit prakteksemplar innan den modernistiske arkitekturen i Norge.

Det heile skjedde slettes ikkje i noko vakuum. Dei to første tiåra etter krigen hadde det skjedd massiv bustadbygging i området, for å møta den kritiske bustadnauden i byen etter krigen.

Dei positive sideneved inntoget til den moderne verda gjekk hand i hand med dei negative.

Med på lasset følgde kjapt moderne storbyutfordringar. Stor konsentrasjon av kommunale bustadar, kriminalitet og levekårsutfordringar. Chicago vart tilnamnet som enkelte brukte nedsettande, men som andre gjorde til ein del av identiteten sin.

Område som Slettebakken er nemleg aldri einsidige. Me skal ikkje svartmala, men heller ikkje bagatellisera.

Under bakken lurte òg heilt bokstaveleg fortidas synder. I 20 år, fram til 1961, vart Slettebakken nytta til bossdeponi av bergensarane. Tungmetall og miljøgifta PCB seiv ut i Tveitevatnet.

I fleire tiår var forureininga eit hinder for utvikling i området.

Med dette historiske bakteppet, er det nesten med tårer i auga ein kan lesa om planane som i dag finst på Slettebakken.

I ein mannsalder, under skiftande politiske regime, har nemleg Bergen kommune planlagt og gjennomført ei opprydding utan sidestykke. I mai i fjor, kunne den seige prosessen endeleg fullførast.

Denne veka kunne byrådet legga fram planen for kva det gamle deponiet no skal fyllast med: Ei storslagen satsing på idretten, som – dersom det vert gjort riktig – kan gje både Slettebakken og idrettsbyen Bergen eit etterlengta løft.

I historia om Slettebakken, og området rundt, finst det nemleg nokre eineståande heltar. Me snakkar om eldsjelene i idretten, framfor alt i Sportsklubben Trane og Gimle basketballklubb, men òg i ei rekke andre idrettslag, som trass primitime rammer for aktiviteten sin har skapt håp, idrettsglede og ein direkte livreddande innsats for eit område med levekårsutfordringar.

Dei som hartrassa overvatn, medlemsflukt til klubbar med betre annlegg, og har snudd på kvar einaste krone for å greia å halda på barn og unge frå familiar som ikkje har hatt råd til å betala kontingenten.

At desse eldsjelene no kan få tilgang på nye moderne idrettsanlegg, i tillegg til all den lønna dei kjem til å få i himmelen, er rett og slett vakkert.

I tillegg tilopprusting av Bergenshallen, inneber planane ein ny ishall, to store nye felleshallar for idretten, der den eine av dei skal romma både Tranehallen og Gimlehallen.

I sum kan anlegget både vera ei vitamininnsprøyting for nærområdet, men òg gje eit spesialisert regionalt tilbod innan ei mengd idrettar. Me snakkar om anlegg som vil ta toppidretten til eit nytt nivå, men òg skapa aktivitet for langt fleire enn i dag.

Dersom idrettsbyen på Slettebakken vert utforma på rett måte, snakkar me nemleg om eit anlegg som på nytt kan gjera området til episenter for moderne byutvikling.

Då meiner eg eit utelukkande positiv forståing av ordet moderne.

Den pågåande fortettingsbølga i europeiske byar, som Slettebakken òg har fått merka på kroppen i nyare tid, har i alt for stor grad mangla nettopp det Slettebakken vil kunna tilby.

Det er dei same feila som skjedde på Slettebakken på 60-talet, som gjentek seg i by etter by.

Ein treng ikkje reisa langt for å finna skrekkeksempel. I Oslo er den nye Hovinbyen, med 40 000 innbyggarar planlagt utan ei einaste ny fotballbane for barne-, ungdoms- og breddeidretten. Andre idrettar har heller ingen grunn til å jubla.

På Slettebakken kan Bergen få ein idrettsby, som andre vil kunna sjå på grøne av misunning. Akkurat der i byen der det trengst aller mest.

Det hadde ikkje skjedd utan Trond Mohn, ein velgjerar som verkeleg ser verdien av den organiserte idretten. Verdiar som ikkje sluttar med rundetider, stilkarakterar, eller pokalar, men idretten si kraft når det kjem til å skapa trygge nærmiljø, opplevinga av å vera ein del av noko større, men òg ein unik arena for å læra at mange må ta ansvar om ein ønsker å få noko til.

Den store testen er likevel om ein greier å ta lærdom av tidlegare storsatsingar på Slettebakken.

Det er nemleg fullt mogleg å bygga nye idrettsanlegg, utan å greia å skapa eit trygt og inkluderande miljø mellom idrettshallane.

Ja, når ein snakkar om byutvikling, er ofte mellomromma vel så viktige, som aktiviteten på innsida av kvart enkelt bygg.

Ta deg ein tur rundt om kring, og du vil sjå mangt eit mellomrom som ikkje fungerer, men som i staden er vert plassar der ein kan gøyma seg vekk, driva med hærverk og skapa utrygge omgjevnader.

Om idrettsbyen på Slettebakken verkeleg skal få ut potensialet sitt, må det byggast eit bymiljø som heng saman, der folk ønsker å opphalda seg, der unge og vaksne kan driva med uorganisert aktivitet, og med trygge møteplassar.

Aller helst børdet òg finnast rom for kulturen, slik at ein kan bygga eit endå breiare og meir appellerande miljø.

Det vil kreva noko når ein skal utforma idrettsanlegga, men òg at det vert lagt inn gode nok kvalitetar mellom dei.

Det er òg avgjerande at ein greier å få til ei samanhengande utbygging som ikkje stoppar opp. Det vil òg kreva kommunal investeringsvilje, men ikkje minst evne.

Det er òg viktig at ein tar vare på det beste frå den førre moderniseringbølga på Slettebakken. Bergenshallen, Slettebakken kirke og Sletten senter har, trass slitasje, positive kvalitetar som kan få ein ny vår saman med den nye idrettsbyen.

Om Bergen greier å laga ein idrettsby, og ikkje berre ei samling av idrettsanlegg, på Slettebakken, må historia om Slettebakken skrivast om. Med ein moderne og lykkeleg slutt.

Eller, ikkje slutt. For dette kan verta starten på noko stort.

🏷️ Extracted Entities (14)

Slettebakken (entity) Bergen (entity) Bergenshallen (entity) Gimle (entity) Gimlehallen (entity) Hovinbyen (entity) Norge (entity) Oslo (place) PCB (entity) Sletten (entity) Sportsklubben Trane (person) Tranehallen (entity) Trond Mohn (person) Tveitevatnet (entity)