Herold

Mikkel har fått unngjelda: Skotpremien blei dobla, langt fleire er skotne

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Keth Odland Published: 2025-12-08 13:37:47
Mikkel har fått unngjelda: Skotpremien blei dobla, langt fleire er skotne

Per 1. desember var det betalt ut skotpremie for 79 revar.

Tidlegare i år vedtok politikarane at kommunen skulle dobla premien for felte revar i Bjerkreim. Etter forslag frå Magnar Sandstøl (H) – og mot kommunedirektøren si anbefaling – vedtok LMT-utvalet (landbruk, miljø og teknikk) å setja opp den kommunale delen av skotpremien frå 250 til 500 kroner.

Inn i skotpremien bidrar òg Bjerkreim Sau & Geit (300 kroner), Bjerkreim bondelag, Bjerkreim jeger og fisk og Rogaland Sau & Geit slik at den totale premien per rev nå er cirka 1.300 kroner.

Doblar premien for å skyta Mikkel, men matchar ikkje ein av dei andre Dalane-kommunane

Den nye premiesatsen blei innført 25. februar.

Oversikta så langt viser at kommunen per 1. desember har utbetalt revepremie for 79 felte dyr – 15 med gammal sats og 64 med ny sats. Og årets jakt er ikkje over. Mikkel lever farleg fram til midnatt 23. desember. Då kan julefreden senka seg i hiet. Reven er nemleg freda gjennom jula og romjula, fram til rakettane går opp nyttårsaftan.

I heile 2024 blei det betalt ut premie for 54 felte revar i Bjerkreim. I 2023 var antalet noko lågare; 42 stykk. Tilsvarande tal i 2022 og 2021 var 59 og 54.

Anders Øfstaas, som er rådgivar for skog- og viltforvaltning i Dalane, konstaterer at talet på felte revar er høgare så langt i år enn nokon gong før på 2020-talet. Men han trur årsaka er meir samansett enn at jegerane blir freista av ein høgare skotpremie.

– At premien nå er høgare, kan sjølvsagt ha litt å seia. Før har det truleg vore ein del som har gløymt å heva skotpremie. Når beløpet er høgare, er det nok færre som gløymer det. Men motivasjonen for å jakta rev er neppe styrt av skotpremien. Det er mange observasjonar av rev for tida, noko som kan tyda på stor bestand. Dessutan er det stadig fleire som er ute og jaktar hjort med termisk sikte, altså på natta, og då er det lettare å sjå reven, forklarer Øfstaas.

– Og dei som jaktar hjort, tar seg altså òg av reven?

– Ein del gjer det, ja, svarer skog- og viltrådgivaren.

*I ei tidlegare utgåve av artikkelen, som var basert på feil opplysningar oppgitt til DT, stod det at det totalt var felt 77 revar så langt i år, og at ny kommunal skotpremiesats blei innført 1. september. *