Herold

Atle Instebø til minne

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Gunnhild Åberge Vie, Ingvar Åberge Published: 2026-05-23 18:30:00
Atle Instebø til minne

Atle vart fødd på Instebø i Esefjorden 27. september 1937. Faren Gunnar var bonde og kyrkjetenar, medan mora Gjertrud var husmor på bruket. I 1943 fekk Atle systera Borgny. Dei to syskena kom alltid til å stå kvarandre nær, særleg etter mor deira vart råka av psykiske vanskar som til slutt gjorde at ho måtte forlata heimen. Farforeldra, som hadde kårhusvære i huset, vart også viktige i oppveksten hans. Atle var oppteken av å ta vare på dei tradisjonelle formene i kyrkja. Særleg stod gravskikkane hjarta hans nær, og han stelte alltid pent med grava til farmora, som eit teikn på kor mykje ho hadde tydd for han.

Atle fekk tidleg læra seg å hengja i i arbeidet heime på bruket. Driftsmåten var allsidig med både sauer og nokre få kyr, samt frukt- og bærproduksjon. Dei hadde slåtteteigar og vedskog i utmarka, støl i Esebotn og fiska til matauk. Sidan dei ikkje hadde hest på garden, vart det nok ekstra mange tunge løft for Atle. Men han hadde også tid til å stå på ski om vinteren og bada i Esefjorden om sommaren.

Atle sette stor pris på skulegangen i Esefjorden skule, og kunne ha tenkt seg å gå skulevegen vidare. I staden vart det framhaldsskulen i Fjærland og deretter Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland i 1955. Det han lærde på jordbruksskulen gjorde han seg god nytte av seinare i livet.

Etter militærtenesta kom Atle heim og tok gradvis over drifta av farsbruket. Han satsa særleg på frukt, bær og grønsakdyrking og leverte i ein periode ein god del blomkål til hotella i bygda. I tillegg hadde han variert arbeid utanom garden, på fruktlageret, som likningsassistent i kommunen og som inseminør. Vidare fekk han, utan anna relevant utdanning, eit kortvarig vikariat som lærar på Nessane i 1969, ei avveksling som Atle sette stor pris på og lukkast godt med. Den akademiske interessa fekk han også spela på gjennom deltaking i Lokalklimagranskinga i Sogn på 1960-talet, der han saman med faren opererte ein meteorologisk stasjon på bruket.

Det var likevel i organisasjonslivet at Atle kom til å setja størst spor etter seg. Sjølv rekna han Frukt- og bærutvalet i Norges bondelag i åra 1969–78 som eit av sine viktigaste verv. Han fekk ein gong den attesten at få hadde gjort meir for fruktdyrkinga i Noreg, og Vestlandet spesielt, enn han. Seinare engasjerte han seg også i Gartnerhallen på lokalt og nasjonalt nivå. Atle skrytte ikkje over eigen innsats i møte med andre, men visste godt at han gjorde viktig arbeid for vilkåra i landbruket.

Sidan vart det mange styre- og leiarverv i organisasjonslivet, i tillegg til kommunale verv. Mellom anna vart han vald til kommunestyret, møtte som vara i formannskapet og leia jordstyret frå 1972–83. Jordstyret var den gongen det organet som styrde med arealforvaltninga i kommunen. Frå 1972 til 1986 var han styremedlem i det den gongen interkommunale Firda billag i Førde. På 1970-talet var han også meddomar i Jordskifteretten i Ytre Sogn, der han møtte i ein del tvistesaker på Vikafjellet, der det på den tida føregjekk ei omfattande kraftutbygging. Det var ikkje til å koma forbi at utkallingane til synfaringar på Vikafjellet av og til kom på tidspunkt som passa dårleg for gardsdrifta.

Då det på 70-talet vart oppretta eigen Lions-klubb i Balestrand, fann Atle eit fellesskap som han kom til å setja stor pris på og leggja ned ein stor innsats i, mellom anna som president og soneleiar. Mottoet «We serve» passa Atle godt. Gjennom Lions sette han i gang allmennyttige tiltak for lokalsamfunnet, i tillegg til at dei deltok i innsamlingsaksjonar på landsplan. Særleg kampen mot narkotika vart ei hjartesak for han i Lions. At ikkje oppveksande generasjonar skulle få liva sine øydelagde av rusmisbruk var noko som låg han tungt på hjarta på denne tida. Atle bar også på eit sterkt fredsengasjement.

På 1980-talet sette han seg føre å byggja ny driftsbygning med plass for 1100 høner og nokre stutar. Han og faren gjorde saman det meste av grunnarbeidet med sprenging og støyping, og fjøsen vart bygd med grantømmer frå eigen skog som vart drege fram med vossavinsjen. Mange bygdefolk kom innom for å kjøpa egg, og dersom han fekk gjester stod kokt egg sjølvsagt på menyen. Som eggprodusent fann Atle det også naturleg å inn som leiar i Sogn og Fjordane fjørfealslag.

I 1990 døydde systera Borgny av kreft. Dette var eit tungt slag for Atle. Også mannen Eirik var kreftsjuk. Dermed fekk Atle ei ny oppgåve i livet, å vera fosterfar for oss to borna deira. Dette var ikkje ei enkel oppgåve for ein gamal ungkar, men han gjekk inn for oppgåva med stort engasjement og oppofring. Me minnest i dag med takksemd den trygge heimen han gav oss og for det han gjorde for oss i denne situasjonen.

Frå oppveksten var Atle van med nøysemd, men samstundes la han vekt på kvalitet. Sjølv gjekk han i skjorte og pressbukse til kvardags. Han laga middag frå botnen av og tok oss med på fjelltur og sildehekling. Han var også oppteken av den nynorske målforma og la ned innsats i å skaffe oss bøker på nynorsk. Atle var heile sitt liv ein familiekjær mann som hadde eit gjestfritt hus for slekta, og mange har gode minne frå besøk på Instebø opp gjennom åra.

I 1995 gav Atle seg med gardsdrifta. I same periode starta Atle ein innsats for bygdahuset i Balestrand. Han var oppteken av at bygda skulle ha eit velfungerande forsamlingslokale og storstove som kunne hysa eit variert kulturliv. Frå han gjekk inn som styreleiar i 1994 til han gav seg i 2013 fekk han gjennomført nødvendig vedlikehald, oppgradert kjøkenet, sett opp scenerigg, montert heis og bygd eit nytt tilbygg. Som takk for innsatsen vart Atle heidra med Balestrand kommune sin kulturpris i 2006.

I 2004 gjekk Atle tilbake til lokalpolitikken som medlem av kontrollutvalet, der han mellom anna tok initiativ til ein forvaltningsrevisjon av heimetenestene i kommunen. Den siste store oppgåva han tok på seg i organisasjonslivet var som leiar i Balestrand pensjonistlag. Med eit samansett og interessant program trekte laget til seg nye medlemer og vart ein samlingsstad for seniorane i bygda. Då Atle fylte 80 år i 2017 feira han dagen med ope hus på Kviknes, med rømmegraut og mylse, etter gamal tradisjon.

Etter kvart måtte Atle flytta i omsorgsbustad, men jula feira han i den kjære heimen på Instebø så lenge som mogleg. Det siste knappe året fekk han fast plass på Helsetunet, noko han lenge hadde ynskt seg for å ha meir folk rundt seg. Me som pårørande er takksame for det gode stellet han fekk på Helsetunet, ikkje minst i samband med den siste sjukdommen.

Dei siste åra var Atle plaga av tilbakevendande infeksjonar. På langfredag fekk han nok ein infeksjon, og denne gongen var det vanskeleg å få medisinane til å verka. Medan vårsola skein fagert inn vindauget om føremiddagen onsdag 15. april, sovna Atle stille inn i senga si på Helsetunet med sine næraste rundt seg. Ein trufast slitar har lagt ned vandringsstaven, og eit innhaldsrikt liv er slutt. Ein kjær onkel og «onkelbest» har gått bort. Fred over minnet.

🏷️ Extracted Entities (27)

Atle Instebø (person) Balestrand (place) Ytre Sogn (person) Esefjorden (entity) Helsetunet (entity) Lions (entity) Borgny (entity) Vikafjellet (entity) Aurland (place) Eirik (person) Esebotn (entity) Firda (entity) Fjordane (entity) Fjærland (place) Frukt (entity) Førde (entity) Gartnerhallen (entity) Gjertrud (entity) Gunnar (person) Jordskifteretten (entity) Kviknes (place) Lokalklimagranskinga (entity) Nessane (entity) Noreg (entity) Norge (entity) Vestlandet (entity) We serve (entity)