Når blei det normalt at eittåringar har lange arbeidsdagar?
Plus
Eittåringar tilbringer i dag lange dagar i barnehagen. Mange blir leverte tidleg om morgonen og henta seint på ettermiddagen. Samstundes fortel tilsette i barnehagane om stress, høgt sjukefråvær og for lite tid til dei minste barna. Kanskje er det på tide å stille spørsmålet mange foreldre kjenner på, men få tør å seie høgt:
- Har vi organisert småbarnstida på ein måte som eigentleg ikkje er god for nokon?
Me høyrer at stadig fleire foreldre står i eit krysspress. Dei ønskjer å vere meir til stades for barna sine, men økonomi og arbeidsliv gjer det vanskeleg. Me høyrer fagfolk meine at ikkje alle eittåringar er modne for lange dagar i store sosiale miljø, og at enkelte små barn kan oppleve stress og utryggleik i for store og krevjande omgjevnader. Samstundes kjenner mange tilsette i barnehagane på kjensla av å ikkje strekke til, særleg overfor dei aller minste barna som alle veit treng ekstra tett vaksenkontakt, ro og tryggleik.
Dette handlar ikkje om å vere imot barnehagar. Norske barnehagar gjer svært mykje godt, og tilsette gjer ein enorm innsats kvar einaste dag. Så stor innsats at mange slit seg ut, blir sjukemelde eller skifter yrke. Problemet er at systemet rundt har blitt så pressa at både foreldre og tilsette sit igjen med ei kjensle av utilstrekkelegheit.
Debatten handlar ofte om bemanning og løn, men den siste tida har det også dreidd seg om kva som er best for dei små: Tidleg debut i barnehage eller meir tid med familien? Begge desse debattane er viktige, men kanskje må vi også tørre å diskutere sjølve organiseringa av småbarnstida?
Kva om fleire familiar fekk reell moglegheit til å velje meir tid heime dei første åra? Ikkje nødvendigvis fulltid heime, men meir fleksible ordningar som gjer det mogleg å kombinere familieliv og arbeid på ein annan måte enn i dag.
Poenget er ikkje at alle skal gjere det same. Familiar er ulike, barn er ulike, og foreldre må få velje det dei kjenner er rett for seg og sine, utan dårleg samvit. Mange er glade for barnehagen og treng han fullt ut. Andre kjenner på eit ønskje om meir tid heime medan barna er små. Problemet er at valfridomen ofte er liten.
Kanskje ville også presset på barnehagane blitt mindre dersom fleire familiar faktisk hadde moglegheit til å velje ulike løysingar i småbarnstida? Då kunne ressursane blitt betre fordelte, og dei tilsette fått meir tid til barna som er der.
Samstundes, og i kombinasjon med meir valfrihet, meiner eg vi burde satse langt sterkare på opne barnehagar. Der kan foreldre og barn vere saman i eit sosialt fellesskap, samstundes som barna får møte andre barn og delta i leik og utvikling i trygge omgjevnader. Dette kan vere spesielt viktig for familiar som opplever einsemd eller står utan nettverk.
I opne barnehagar tek foreldra aktivt ansvar for eigne born og deltek i opplegget, noko som krev færre tilsette og som dermed kan vere eit ressurssparande tiltak i eit samfunn som i dag skrik etter fleire kvalifiserte barnehagetilsette.
Samstundes kan opne barnehagar vere ein viktig arena for språktrening og inkludering for familiar med minoritetsspråkleg bakgrunn. Det er difor trist at det blir færre og færre opne barnehagar i landet vårt, for verdien av dei verker å vera fullstendig oversett dersom ein ser på dei gjennom eit samfunnsbyggjande og ressurssparande perspektiv.
Vi ser allereie kor stort behovet er for slike møteplassar for foreldre med småbarn. Babysonggrupper og småbarnsgrupper i kyrkjelydar er populære både i distriktet vårt og elles i landet. Samlingar for barn og foreldre på bibliotek og liknande tilbod blir brukte av mange. Det fortel oss at småbarnsforeldre søkjer fellesskap, støtte og stader å vere saman med barna sine.
Så kanskje treng vi ikkje berre fleire tilsette i eit stadig meir pressa system. Kanskje treng vi også fleire valmoglegheiter for familiane, slik at presset på dei tilsette i barnehagane kan bli mindre så fleire kan ønskje å stå lenger i yrket sitt.
Denne debatten om småbarnsliv og barnehage handlar ikkje om å gi foreldre dårleg samvit. Og det handlar heller ikkje om å kritisere tilsette som allereie spring fort nok.
Det handlar om å spørje kven dagens småbarnsliv eigentleg er tilpassa for, og om å tørre å tenkje nytt for å finna løysningar som er gode og bærekraftige, både for barna, familiane og dei tilsette.