James held humøret oppe: – Sånt skjer!
Plus
James Ye frå USA er ein av fleire turistar som fyller køen langs den stengde strekkja på E16 laurdag.
E16 ved Taulen har vore stengd sidan laurdag morgon.
Mange av dei som står fast i kø er utanlandske turistar som ikkje har fått med seg stenginga.
– Me kom nettopp, men fekk beskjed om å snu, seier James som er på veg til Gudvangen og Flåm. Han og reisefylgjet er på noregsferie og landa i Bergen i går.
På spørsmål om kva han tenkjer om ventetida, svarar han:
– Sånt skjer. Det regnar mykje og vegen rasar; det er vel normalt her.
– Er dette normalt her?
I køen, ventar også Janine Jabbar frå Tyskland. Ho er på ein «roadtrip» som skal vara heile 12 månadar – og har vore på vegen sidan april.
– Eg har vore i Noreg i tre dagar. Er dette normalt her?
Nøyaktig kvar vegen går vidare er ho ikkje sikker på. Men litt venting grunna stengd veg, tykkjer ho er heilt ok.
Hordaland har prata med mannskap på staden, men dei ynskjer ikkje å stilla til intervju.
Like etter klokka 15.30 opna vegen for trafikk.
Fekk konsekvensar for lokal verksemd. Denne gjengen kom seg ikkje på rafting
Måtte utsetja bryllaup på grunn av E16-trøbbelet. Her vert fylgjet hjelpt over vegen
Jonny fekk sjokk då han såg ut glaset: Her er store delar av vegen vaska vekk
Meldt om overfløyming ved Rinden på E16. No er vegen stengd