Herold

– Kva meiner Høgre skal til for å byggje tillit mellom naturverninteresser, innbyggjarar og kommunestyret?

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Ola Teigen, Kinn Ap Published: 2026-05-23 16:00:00
– Kva meiner Høgre skal til for å byggje tillit mellom naturverninteresser, innbyggjarar og kommunestyret?

Kommunestyret i Kinn kunne denne veka skapt eit vegskilje i naturpolitikken, men fleirtalet valde i staden å opne for vidare nedbygging av natur. Det kjem fram i dette debattinnlegget der Arbeidarpartiet etterlyser større vilje til å leite etter kompromiss mellom næringsinteresser, innbyggjarar og naturvern.

Kommunestyret denne veka kunne ha blitt eit vegskilje i naturpolitikken. Ei moglegheit til å lytte sterkare til både natur og innbyggjarar. Slik vart det ikkje.

Første sak var ei orientering om det naturpolitiske dokumentet. Dokumentet tek opp nokre av dei største utfordringane i vår tid. Saka vart reist av innbyggjarar som meiner naturen altfor ofte vert taparen når vern og utbygging vert sett opp mot kvarandre. Eit fleirtal i kommunestyret valde å ta saka vidare, og tysdag denne veka vart arbeidet med dokumentet presentert. Mange uttrykte glede over arbeidet som var gjort. Nokre meinte vi ikkje er så ille stilte som enkelte vil ha det til.

Seinare komreguleringsplanen for Måsholmen opp. For Arbeidarpartiet har denne saka vore vanskeleg. Omsynet til industrien sine behov veg tungt. Likevel meiner vi det fanst løysingar som kunne ivareta både næring, innbyggjarar og natur utan å ta i bruk Måsholmen. Flateneset ligg der delvis utbygd, nær både veg og anna infrastruktur. Containerhamn har vi allereie på basen. Ingen løysingar er perfekte, men gode kompromiss er ofte betre enn frontar der éin part sit att som tapar.

Industrien fekkgjennomslag, og dei skal ikkje klandrast for det. Men det er kommunestyret si plikt å vurdere alle sider av ei slik sak, og det mangla ikkje på innspel undervegs. At naturinteresser og mange innbyggjarar kjenner på nederlag, kan ikkje kome overraskande på nokon.

Ei av dei siste sakene denne dagen handla om kommuneplanen sin arealdel. Terøya, ei av våre aller største øyer, var foreslått teken ut av arealplanen, men kommunestyret kan anke dette inn til departementet. Ingen har insistert på å setje av dette arealet til industri. Høgre, ordførarpartiet og partiet som har leiaren i planutvalet, hadde ikkje teke stilling på førehand, men ville «høyre debatten». Likevel fremja Høgre saman med Frp, etter noko debatt, forslag om å endre formålet for øya frå LNF til industriformål. Høgre, som tidlegare på dagen hadde åtvara mot å regulere Flateneset til industri fordi det var myr der, ville no opne for å regulere heile Terøya, trass i at både Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren hadde fremja motsegn mot dette.

Arbeidarpartiet ønskjer ein politikk som både tek vare på naturen og legg til rette for utvikling, arbeidsplassar og næringsliv. Vi skal sikre at næringslivet får utvikle seg, og at vi har areal til både bedrifter og bustader. Samstundes har vi vurdert, og vil framleis kritisk vurdere, kvart prosjekt som kjem til handsaming. I denne perioden har vi sagt nei til Måsholmen fordi vi meiner det finst andre løysingar for industrien. Vi har sagt nei til reguleringsplanen på Skårastranda, der straumforhold ville blitt påverka, raudlista artar trua, og der behovet for tiltaket heller ikkje var godt nok dokumentert. Vi har sagt nei til Terøya, og tidlegare sette vi foten ned for Kyrahola. I arealplanen kjem vi til å seie ja til fleire nye tiltak, men alle desse har vi så godt som råd vurdert opp mot både fordelar og ulemper.

I debatten omdet naturpolitiske dokumentet stilte eg spørsmålet om korleis vi kan bli betre til å «gjere alle til lags» i reguleringssaker. Poenget mitt var at det ofte finst løysingar som kan ivareta fleire interesser i same sak. Dersom naturpolitikken skal ha truverd, må vi også vere villige til å leite etter kompromissa når dei faktisk finst. Måsholmen kunne ha vore eit slikt kompromiss.

Eg vil også utfordre Høgre på kva dei meiner skal til for å byggje tillit mellom naturverninteresser, innbyggjarar og kommunestyret. Når styringspartia gong på gong stemmer for nedbygging av natur, samstundes som dei seier at dei tek naturomsyn på alvor, er det ikkje rart at mange opplever avstanden mellom ord og handling som stor. Vi har etter kvart omfattande kunnskap om konsekvensane av naturtap, både for artsmangfald, klima, landskap og lokalsamfunn. Då held det ikkje å vise til gode intensjonar åleine. Skal naturpolitikken ha truverd, må også den kunnskapen vi har om konsekvensane av naturinngrep få reell betydning når avgjerdene blir tekne.

🏷️ Extracted Entities (12)

Høgre (entity) Måsholmen (entity) Arbeidarpartiet (entity) Terøya (entity) Flateneset (entity) Frp (entity) Kommunestyret i Kinn (organization) Kyrahola (entity) LNF (entity) Skårastranda (entity) Statsforvaltaren (entity) Vestland (place)