Herold

Knuste løyperekorden i vêrhardt område

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Merete Horpestad Published: 2026-05-23 16:27:46
Knuste løyperekorden i vêrhardt område

Trass krevjande vêrforhold sprang Kirsti Johnsen Skåtøy inn til ny løyperekord i Saudafjellet Maraton.

Maratonet, med 870 høgdemeter, startar i Røldal og har målgang i Sauda sentrum. I år var løypeforholda alt anna enn ideelle.

– Langt frå plankekøyring, fortel Kirsti Johnsen Skåtøy.

EIK-løparen måtte takla styrtregn, bare to meter sikt, kraftig vind, høge brøytekantar og lange, seige bakkar. Desse elementa gjorde turen over fjellet ganske så strabasiøs – eller særs utfordrande, som ho sjølv skildrar det.

Sjølv om forholda var tøffe, let ikkje Kirsti seg stoppa. Ho sprang maratondistansen og knuste den tidlegare løyperekorden med over 15 minutt. Ho sprang i mål på 3 timar, 14 minutt og 45 sekund.

– Det var over all forventning, særleg når ein tek både vêret og bakkane i betraktning, seier ho.

Bare seks menn kom i mål før EIK-løparen.

Det var ikkje bare Kirsti som utmerkte seg i familien. Dottera hennar, Kaja Johnsen Skåtøy, imponerte òg. Ho sprang halvmaraton og sette personleg rekord med tida 2 timar, 2 minutt og 4 sekund.

🏷️ Extracted Entities (6)

Kirsti Johnsen Skåtøy (person) EIK (entity) Kaja Johnsen Skåtøy (person) Røldal (place) Sauda (entity) Saudafjellet Maraton (person)