Stoppa i pinseutfarten: Grove brot på reglane om køyre- og kviletid
Plus
To tungbilsjåførar blir melde for grove brot på reglane om køyre- og kviletid.
Under kontrollen på Krossmoen kontrollstasjon fredag blei 110 tunge køyretøy kontrollerte. Av desse vart 17 tatt til sides for ein utvida kontroll. Kontrollen resulterte i:
- Ei åtvaring for brot på reglane om køyre- og kviletid
- To bruksforbod for sikthindrande gjenstandar i frontruta, som måtte fjernast før vidare køyring
- Mangellapp knytt til bremser, lys, bilbelte, skade på støtfangar, sprekk i frontrute, laus skjerm og luftlekkasje
Den automatiske skiltgjenkjenninga reagerte på to lette køyretøy. Det eine blei avskilta for manglande EU-kontroll, mens på det andre køyretøyet var det ei registrering som ikkje var fullført.
Alvorlege brot
Litt færre tunge køyretøy blei kontrollerte på laurdagen. Men i tillegg blei òg nokon lette køyretøy kontrollerte. Ti køyretøy blei tatt til sides for ein utvida kontroll.
To tilfelle av alvorlege brot på reglane om køyre- og kviletid blei melde til politiet. I tillegg blei det gitt to åtvaringar og skrive ut to gebyr.
Tre køyretøy – to semitilhengarar og éi trekkvogn – blei tatt inn for utvida bremsetest. Eitt av køyretøya hadde tekniske manglar i bremsesystemet.
Brei last var dårleg sikra
Eitt vogntog frakta brei last og blei definert som «spesialtransport». Vogntoget var ikkje merkt som spesialtransport, og det var forbode å køyra slike transportar på kontrolltidspunktet.
Resultatet blei bruksforbod. Sjåføren fekk valet mellom å merka vogntoget med gult blinkande lys og køyra i tidsrommet då det var lov å køyra – eller lasta om.
Det blei òg registrert dårleg lastsikring på dette vogntoget, og lasta måtte sikrast betre.