Vindafjord: To butikkar fekk øl-smekk
Plus
Både Coop Extra Ølen og Kiwi Isvik i Vindafjord får smekk og to «prikkar» etter at salskontrollen har gjennomført kontroll med korleis dei to butikkane handterer alkohol- og tobakkssalet.
VINDAFJORD:Coop Extra Ølen får to prikkar for manglar med bedrifta sitt internkontroll-system for sal av alkohol.
Under kontrollen, 18. april i år, kunne ikkje den tilsette framvisa dokumenta for internkontroll og den tilsette kjende heller ikkje til innhaldet i permen for internkontroll.
I Kiwi Isvik påviste NoRoSun skjenke- og salskontroll svikt i internkontroll-systemet både når det gjeld sal av alkoholhaldige varer og sal av tobakk og snus.
Når det gjeld permen for sal av alkohol, mangla den alkoholpolitisk handlingsplan for gjeldande periode, den mangla dokumentasjon for «jevnlig gjennomgang» av alkohol- og tobakksplanen. Pluss at det mangla dokumentert opplæring av dei tilsette.
Det er kommunen som fastset «straffa» - etter prikkbelastning når det gjeld alkoholomsetning og, i verste fall, salsnekt for tobakk og snus. Serleg dersom det blir konstatert sal til mindreårige.
Kommunedirektøren i Vindafjord rår til at begge butikken blir belasta med to prikkar kvar for brot på internkontroll-systemet for alkohol.
Dersom ein butikk samlar tilsaman 12 prikkar over ein toårsperiode, kan kommunen inndra salsbevillinga i ein periode (minimum ei veke).