Herold

Lærdal sjukehus er for alle i Helse Førde sitt område

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Bjørn Morten Øen, direktør for kirurgisk klinikk, Helse Førde Published: 2026-05-23 11:30:14
Lærdal sjukehus er for alle i Helse Førde sitt område

Svar til Aleksander Øren Heen, gruppeleiar i Vestland Senterparti, sitt innlegg i Sogn Avis 21. mai 2026.

I innlegget sitt har Øren Heen rett i at den nye skadepoliklinikken ved Lærdal sjukehus i hovudsak er for kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. Han ber også om ei avklaring av kva tenester han kan vente å få ved lokalsjukehuset sitt, og det skal vi prøve å gje her.

Skadepoliklinikken blir ein av 14 poliklinikkar ved Lærdal sjukehus. I tillegg kjem mellom anna blodbank, laboratorium, dialyse, alle radiologiske tenester og ikkje minst medisinsk sengepost, der akuttberedskapen i Lærdal ligg.

I hjartet av Lærdal sjukehus ligg indremedisinen – no og i framtida

Alle funksjonane ved Lærdal sjukehus er for alle i Helse Førde sitt opptaksområde. Det vil seie at pasientar frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn blir viste til Lærdal, frå Helse Førde si felles venteliste, når det er mest føremålstenleg. Slik må det vere for at vi skal nytte ressursane fullt ut, sjølv om indresogningane av geografiske årsaker sjølvsagt er i fleirtal ved Lærdal sjukehus.

Om ikkje risikerer vi, som Øren Heen fryktar, at tilbod og tenester kjem under press på grunn av lite bruk. Det er det vi prøver å unngå.

Den nye skadepoliklinikken vi no opprettar i Lærdal gir både øyeblikkeleg hjelp og planlagde konsultasjonar. Dette for at flest mogleg, særleg sårbare pasientgrupper, skal sleppe å reise til Førde. Og for at pasientane skal få meir nytte av kapasiteten vi har i Lærdal.

Dersom du bur nord for Sognefjorden, skal du i hovudsak visast til Førde om du treng øyeblikkeleg behandling for ortopediske skader.

Om lette og moderate ortopediske skader skjer i Årdal, Lærdal eller Aurland, vil dei kunne bli behandla ved skadepoliklinikken i Lærdal på dagtid kvardagar. Det gjeld også hytteområda i Tyin og Filefjell som Øren Heen etterspør, dersom det er dit det er mest tenleg å sende dei.

Ved lette og moderate skader kan legevaktlegen ringe vakthavande ortoped i Lærdal. Målet med samtalen er å avklare om pasienten kan behandlast i Lærdal, eller skal sendast til Førde. Elles – og ved meir alvorlege skader, blir du vist til Førde som i dag. Pasientar med meir alvorlege skader skal sleppe å reise til Lærdal først, for så å bli sende til Førde, der øyeblikkeleg hjelp-kirurgien i Helse Førde skjer.

Sjølvsagt skal vi bruke hovudet og sende pasientane dit det er ledig kapasitet og dei kan få den raskaste og beste hjelpa, men dette er hovudregelen.

Vi har fått eitt av dei sterkaste styringssignala vi kan få, eit detaljert vedtak frå Stortinget om at det skal vere skadepolikliniske tilbod i Lærdal og Nordfjord. Då må vi gjere det vi kan for at dette blir effektive og godt utnytta poliklinikkar.

Vi ser at fritt sjukehusval ofte blir trekt inn i ulike forum. Vi minner om at det ikkje gjeld når det er snakk om øyeblikkeleg hjelp. Fritt sjukehusval føreset også at tilbodet finst på sjukehuset pasienten vil velje.

Lærdal sjukehus for alle i Indre Sogn?

Opnar ny skadepoliklinikk på dagtid for Årdal, Lærdal og Aurland – resten må til Førde

🏷️ Extracted Entities (13)

Helse Førde (person) Lærdal (place) Aleksander Øren Heen (person) Aurland (place) Årdal (place) Nordfjord (place) Filefjell (entity) Indre Sogn (person) Sognefjorden (entity) Stortinget (entity) Sunnfjord (place) Tyin (entity) Vestland Senterparti (person)