Inviterer til spesiell helg i arenaen: – Unik moglegheit
Plus
Tina Abdulla kjem heim til Husnes på handballhelg i arenaen.
«Kvinnherad Handballklubb inviterer til ei heilt spesiell handballhelg i Kvinnherad Arena laurdag 13. og søndag 14. juni 2026. Då kjem Husnes-jenta og handballprofilen Tina Abdulla heim for å leia trenings- og inspirasjonssamling saman med tidlegare Bundesliga-spelar Mie Sophie Sando,»skriv handballklubben i ei pressemelding.
Det blir treningar for jentelaga, og fagleg påfyll for KVK-trenarane. Ho skal òg trena damelaget, som denne sesongen rykka opp frå 6. til 5. divisjon. Samlingane er opne for unge handballspelarar frå 2014-kullet og oppover, skriv KHK dei vidare.
– Dette er ei heilt unik moglegheit for unge spelarar i Kvinnherad. Her får dei trena direkte med spelarar som har vore på øvste nivå i europeisk handball, seier Daniel Haugland, styreleiar i Kvinnherad Handballklubb.
Abdulla har hatt ein lang og suksessrik karriere – både i Norge og Europa. I år blei ho cupmeister med det danske laget Odense. Ho har òg representert Norge på fleire landslag, frå juniornivå til A-landslaget.
– Tina er eit fantastisk forbilde for unge spelarar. Ho viser at det er mogleg å nå heilt til topps sjølv om ein kjem frå ein mindre plass som Husnes. Men det krev mykje trening, vilje og innsats, seier Haugland.
Påmelding skjer via kontakt med KHK.
– Vi ønskjer at alle som startar med handball i Kvinnherad skal ha gleda av det og delta lenge – anten dei drøymer om ei karriere som Tina, eller berre vil ha handballen som ein god og meiningsfull del av livet sitt. Det handlar om å skapa eit trygt miljø der alle kan bli best mogleg ut frå sine eigne føresetnader, seier Haugland.