Arbeidsulykke: Trucksjåfør køyrde i veggen
Plus
Like før klokka 18.30 måndag kveld fekk naudetatane melding om ei arbeidsulykke ved Mongstad næringspark.
Alvorleg hending
Pårørande er varsla
– Ein truck har køyrd inn i ein vegg.
Det melde operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord, klokka 19:04 måndag kveld.
Då hendinga oppstod skal det ha falle betongelement ned på trucken, slik at den velta. Sjåføren av køyretøyet blei sittande fast, og kom seg ikkje ut.
– Deler av betongveggen har falle over beina til føraren, melder Rebnord.
Sjåføren var ei kvinne i 40-åra. Ho skal ha vore vaken og bevisst då naudetatane kom til staden.
Naudetatane jobba med å stabilisere veggen før dei kunne frigjere føraren.
– Førar er frigjort og blir undersøkt av lege på staden, melde Rebnord klokka 19.18.
I etterkant av hendinga er føraren av trucken transportert med helikopter til Haukeland.
– Arbeidsulykka framstår som alvorleg, skriv Rebnord i politiloggen klokka 19:36.
Politiet kan ikkje seie noko om skadegraden på kvinna.
– Skadestaden er sikra og politiet har starta med avhøyr av vitne. Vi kan ikkje seie noko om forløpet for hendinga.
Arbeidstilsynet er varsla om saka. Kriminalteknikarar frå politiet var framme på staden i 23-tida for å undersøke hendinga. Like før klokka 01 natt til tysdag var kriminalteknikarane ferdige på staden.
Ulykka skal ha skjedd i samband med at kvinna var på jobb for eit selskap som held til sør på basen, seier Rebnord til BA. HR-direktør Knut Dolmen i Archer bekreftar ovanfor Bergensavisen av den involverte føraren var på jobb i eit av deira underselskap.
– Vi har foreløpig ikkje fullstendig informasjon om hendingsforløpet og ønsker derfor ikkje å kommentere sjølve ulykka eller gå inn i detaljar, skriv han i ein e-post til BA.
Kvinnas pårørande er varsla om ulykka, bekreftar Dolmen.
– Vårt absolutte hovudfokus no er å bidra til best mogleg hjelp og oppfølging for vår kollega og dens pårørande, samtidig som vi ivaretar andre tilsette og personar som var til stades.
NH har tysdag prøvd å komme i kontakt med jourhavande jurist utan å lukkast.
NH kjem tilbake med meir.