Utset opninga av det nye «skisenteret»
Plus
Bonde og skientusiast Svein Olav Espeland har dei siste vekene jobba iherdig for å få klart et skitilbod ved isbreen Folgefonna i sommar. No er opninga utsett til neste veke.
I starten av mai kom beskjeden om at Folgefonna Aktivitetspark hadde fått løyve til å setta opp skibandet rett nedanfor isbreen og velkomstsenteret.
Prosjektet kom i stand etter at hovudheisen i fjor kollapsa som følgje av manglande vedlikehald og bevegelsar i breen.
For å unngå tap av fleire sesongar og for å sikra at varemerket «sommarski» kunne oppretthaldast, søkte Espeland om å få setta opp eit mellombels anlegg, beståande av eit 100 meter langt skiband.
Målet var opning 23. mai. No er det klart at innviinga vert utsett til 28. mai.
– Det har vore enormt med arbeid og lange dagar og kveldar. No var det meld veldig mykje regn og dårleg vêr i helga. Hadde me bygd opp alt til helga, så kunne det fort ha forsvunne igjen, seier Espeland til Hardanger Folkeblad.
Det er nemleg venta uvanleg mykje nedbør dei neste dagane. Fram mot neste helg vert det prioritert å skyva inn og lagra snø.
Skiparken skal ikkje vera eit tradisjonelt alpinanlegg med lange nedfartar, men det vert satsa på terrengpark og jibbing på eit mindre område som ligg nedanfor sjølve isbreen. Eit skiband skal frakta folk opp.
Parkbyggjar Siver Voll skal stå for sjølve utforminga av elementa som hopp og rekkverk. Voll stod i fjor bak sitt eige «minianlegg» på sjølve breen og har etablert stiftinga Jibbekultur før årets sesong.
Har fått klårsignal: Slik blir sommaren ved isbreen
Søkjer folk som drøymer om å drive kafé
Hollywood-stjerne var med Bear Grylls på Folgefonna
Er optimist trass tidspress: – No fell det på kommunen
Det kan nærma seg eit nytt kapittel på Fonna