Gjer suksess første året som butikksjef
Plus
Karolina Valantyte (25) hadde berre vore butikksjef i eitt år då ho fekk tildelt prisen for årets beste Nille-filial på Vestlandet.
Byrja som tilkallingsvikar
Kreativt spelerom
Det er ein roleg formiddag i Amfi Knarvik, men i Nille-butikken på senteret vrimlar det av folk. Butikksjefen er åleine på jobb, og spør alle kundar som kjem inn om dei treng hjelp eller ser etter noko spesielt.
Intervjuet hennar med NH blir stadig avbrote av folk som er ute på julehandel.
– Det er viktig at kundane kjenner seg velkommen og at me har tid dei, forklarer Valantyte til avisa.
Framifrå kundeservice var blant det som gjorde at Nille på Amfi Knarvik stakk av med butikkjeda sin eigen pris for årets butikk på Vestlandet tidlegare i år.
– Me hadde ikkje fått utmerkinga dersom det stod om reine omsetningstal. Der kan me ikkje konkurrera med sentrumsbutikkane og Lagunen. Me er vurderte ut ifrå ein heilskap, der tilbakemeldingar frå kundar, service og god drift er viktige faktorar, seier ho.
Valantyte vaks opp i Austevoll, og for tre år sidan byrja ho som tilkallingsvikar i Nille-butikken ved den vesle tettstaden Bekkjarvik i kystkommunen.
– Etter kvart flytta eg til Bergen og fekk fast jobb på Horisont, men jobba også mykje rundt omkring i butikkar i heile Bergen.
Valantyte steppa inn når sjefen var borte på Horisont, og ideen om å bli butikksjef byrja å spira. I Husnes fekk ho høve til å vikariera som butikksjef eit halvt år, før ho vart henta inn til Knarvik då Nille der trong folk.
– Sjefen her skulle slutte, og dei andre kollegaene ønskte at eg skulle overta. Dei formidla det oppover i systemet, og så fekk eg jobben, seier Valantyte med eit smil.
Sjølv om butikken er ein av mange i kjeda, er det kreativt spelerom for Valantyte.
– Eg har jobba over alt, så eg har teke med meg mange erfaringar om kva som er lurt og ikkje lurt å gjera i ein butikk.
Ho seier det er spesielt viktig at butikken er innbydande og behageleg å vera i.
– Eg får mange kompliment på at butikken ser bra ut. Det er veldig viktig. At det er ryddig og oversiktleg.
No i julesesongen er det mange julevarer som skal på plass, og fort ut igjen. Då er det ekstra viktig med kontroll og ordna forhold, fortel butikksjefen.
Tre år tok det frå Valantyte hadde si første vakt på jobb til ho vart butikksjef. På vegen har ho fått mykje hjelp og støtte. Alderen hennar gjer henne til den nest yngste Nille-sjefen på Vestlandet. No er det ho som tilset framtidas butikksjefar.
– Me er ein veldig fin gjeng her på jobb med litt spreiing i alder og eit veldig godt miljø. Alle er flinke, og eg har fokus på god opplæring.