Herold

Endeleg på plass: – Ei veldig stor oppgradering

Plus
Kilde: NH Author: Lovise Espeland Published: 2025-12-09 12:16:35
Endeleg på plass: – Ei veldig stor oppgradering

Nordhordland Taxi har no flytta inn i nye lokale.

Plass til alle rundt bordet

Nesten meir på jobb enn heime

Taxisentralen har sidan 2019 hatt tilhaldsstad i den gamle skysstasjonen, men i mars vart det klart at bedrifta skulle flytta til Burkhovdane 1 etter at Lindås Røyr & Sanitær slo seg saman med Hjelmås VVS og flytta inn i næringsparken i Eikangervåg.

– Her er det god plass til alle saman. Me er 45 bilar i Knarvik, så det har vore litt trongt inne på skysstasjonen, seier Arne Husebø. Han er ein av nesten 30 eigarar i bedrifta.

– Dette er ei veldig stor oppgradering. Både plassmessig, komfortmessig og fasilitetsmessig, seier han.

Husebø trekkjer fram at bedrifta no blir meir synleg, og at dei har betre plass til oppbevaring, kvilerom og fellesareal.

– Det blir mykje lettare å gjera trivelege ting sosialt. No har me plass til alle rundt bordet, så me kan ha ordentleg felles frukost ein gong i veka. Nokon har også prata om å visa fotballkamp på storskjermen her inne, seier han.

Lokalet som har vorte pussa opp i løpet av hausten husar nemleg både ein stor og liten tv-skjerm. I dei totalforvandla romma kan sjåførane ta ein pust i bakken mellom slaga i trivelege sitjegrupper eller rundt eit stort spisebord. Eit stort kjøkken har også kome på plass.

Uteområda er vesentleg større enn ved skysstasjonen. Husebø seier det gir god plass til bilvask og vedlikehaldsarbeid. Det einaste som står att er å få alle ladestasjonane på plass.

– Etter planen blir alle, også dei elektriske taxiane, fast stasjonerte utanfor bygget i Burkhovdane i januar. Foreløpig ladar elbilane ved skysstasjonen, fortel han.

– Det er som å komma til vår andre heim. Me brukar nesten meir tid her enn heime, seier Sissel Askeland Bertheussen.

Taxisjåføren sit rundt det nye spisebordet saman med gode kollegaer. Praten går i laust og fast medan sjåførar kjem og går.

– Mellom klokka ni og tolv er det gjerne litt roleg. Då er det fint å kunna ta litt pause og slappa av, fortel kollega Lisbeth Chyba.

Mange ville høyre «Lothepus» svara på spørsmål frå Richard Hindenes

Har ein i kvar bil: Denne veka brukte dei hjartestartaren for første gong

Bygget vart selt for 11,3 millionar kroner