Kommunestyret i Sunndal må sette ut saka om økonomiplan
Plus
Sunndal formannsskap vedtok 25. november eit framlegg til kommunestyret om økonomi- og handlingsplan for 2026-2029.Framlegget vart lagt ut offentleg ettersyn, høyring, 26.november, med frist 9. desember.
Ved offentleg høyring kan vi, folk flest, komme med merknadar. Merknadar og medverknad kan gjere sakene betre.
Så langt går alt etter lova, men når kommunestyremøtet etter møteplana er planlagt til 10.desember, er det slutt.
Merknadane skal vurderast av administrasjonen og formannskapet før dei blir lagt fram for kommunestyret som ein del av saka. Skriveria til kommunestyret skal sendast ut 6 kvardagar før møtet.
Det er ordføraren som kallar inn kommunestyremøta.
For at vedtaket om økonomi- og handlingsplana skal henge i hop med offentleg medverknad, må kommunestyremøtet sette ut saka om økonomiplan minst ei veke.
Grunnen til at kommunelova har reglar om høyringar, openheit og fristar, er at vi, folk flest, skal vite og kunne medverke. Demokrati, folkestyre, heiter det på fint.