Herold

For trongt ved Dalehallen, flyttar til skulen

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Kent Amundsen Published: 2026-05-22 08:36:23
For trongt ved Dalehallen, flyttar til skulen

Det blir ei endring i programmet for kongeparbesÞket i Vaksdal kommune. Hans Majestet Kongens Garde flyttar framsyninga si frÄ Dalehallen til Dale skule.

Garden skal opptre rett etter sceneprogrammet ved Dale skule. Publikum kan difor bli verande pÄ skulen etter at programmet pÄ scena er slutt. Oppvisninga startar klokka 17.05 og varar til om lag klokka 17.30.

Trongt ved Dalehallen

Det var fÞrst planlagt at Garden skulle opptre ved Dalehallen. Kommunen har no endra pÄ planane pÄ grunn av plassen.

- Kommunen har blitt samd med Garden om at det kan bli trongt ved Dalehallen, og at det er best at dei opptrer framfor publikum ved Dale skule, seier kommunikasjonsansvarleg John Eirik Anfinsen.

Konferansieren kjem til Ă„ minna publikum om dette undervegs i arrangementet.

Kongens garde kjem til Dale

Framsyning pÄ sjukeheimen

Etter oppdraget pÄ Dale skule dreg Garden vidare til Jamnetunet pÄ Vaksdal. Dette blir eit lukka arrangement i Vinterhagen for brukarane, pÄrÞrande og tilsette.

- Dette gjer me, i tillegg til Ä livestreama arrangementet pÄ Dale, slik at dei som ikkje kan flytta pÄ seg skal fÄ med seg sÄ mykje som mogeleg, seier Anfinsen.

Laga ny song til kongebesĂžket

- Parkering blir ei utfordring, og me veit jo ikkje kor mange som kjem

đŸ·ïž Extracted Entities (8)

Dalehallen (entity) Dale (entity) Garden (entity) John Eirik Anfinsen (person) Vaksdal (place) Hans Majestet Kongens Garde (person) Jamnetunet (entity) Vinterhagen (entity)