Herold

Oppgradering av vatn og avløp er også miljø, ikkje berre økonomi

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Vibeke Johnsen, Anna Hamre, Inga Henjum Halsnes, Mari Husabø, Ole Marius Folkestad/kommunestyregruppa i Sogndal SV Published: 2026-05-22 07:49:45
Oppgradering av vatn og avløp er også miljø, ikkje berre økonomi

Lat det ikkje vere tvil, vi i Sogndal SV er i mot new public management i offentleg sektor. Helseføretaksmodellen innført av Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet har synleggjort kva denne reformbølgja har medført. Dei som sit att med styringa mister fokus på pasientar, sjukdom og behandling, og hamnar i ein runddans av effektivisering og innsparing.

Lat det heller ikkje vere tvil om at vi i Sogndal SV er i mot å privatisere dei kommunale tenestene. Det vere seg skular, barnehagar, helse eller vatn og avløp.

Vi trur heller ikkje at notatet frå kommunedirektøren vil vise at eit kommunalt aksjeselskap er den beste organiseringa for vatn og avløpstenestene i Sogndal kommune. Eit kommunalt AS er framleis ein del av den offentlege forvaltninga, og vatn og avløp vil framleis vere styrt av sjølvkostprinsippet. Ein kan altså ikkje ta ut eit overskot, og det som måtte vere overskytande av gebyret må gå inn i neste års drift.

Likeeins må gebyret aukast om ein har tatt inn for lite i gebyr året før. Eit kommunalt AS framstår slik sett som ei unødvendig kompliserande organisering, og vi tvilar på dette er ei løysing som vil bli framsnakka når notatet kjem. Er det privatisering? I utgangspunktet ikkje, men utan tydeleg kommunal styring blir skiljet mellom privat og offentleg glidande. Om fleirtalet i kommunestyret ein gong vel å skilje ut tenestene i eit kommunalt AS vil SV arbeide for eit tydeleg og aktivt kommunalt eigarskap som er knytt tett opp mot politisk styring, og ikkje for privatisering.

Kvifor stemte vi då for Høgre sitt framlegg? Jo, som det står i protokollen: andre selskapsformer. Dette handlar ikkje om at vi ikkje er nøgde med tenestene som blir levert. Det er vi. Dette handlar om at vi erkjenner at Sogndal kommune, og kommunane rundt oss, står ovanfor enorme investeringar innanfor vatn og avløp. Dette handlar om at vi erkjenner at kommunane i dag er ein del av årsaka til at forskarane ropar varsku om tilstanden i Sognefjorden. Med dei alarmerande utsleppsnivåa av bla. nitrogen og fosfor, tilbakegangen av fiskebestand og planteliv, og dei låge oksygenverdiane i fjorden, er vi villige til å snu kvar ein stein for at kommunen kan bli ein del av løysinga på problemet og ikkje årsaka. Vi ynskjer å finne ut om t.d. eit IKS, eit vertskommunesamarbeid eller andre organisasjonsformer kan gjere oss betre rusta til å møte desse utfordringane vi står ovanfor, og å finne løysingane på problema.

Vi vil nok ikkje få eit eintydig svar av bestillinga som vart sendt til administrasjonen. Til det er bestillinga for liten. Det vart ikkje bestilt ei utgreiing men ei sondering, og arbeidet var iflg. kommunedirektøren av ein slik karakter at det ikkje ville krevje nemneverdige ressursar.

Kanskje får vi likevel ein peikepinn om det er verdt å sjå på eit samarbeid med andre kommunar. Vi står ovanfor dei same utfordringane, med blant anna store prosjekteringsarbeid og behov for personell. Kanskje ei anna organisering og gjer det meir aktuelt å ta i bruk ny innovasjon under arbeidet, finne løysingane som er dei mest berekraftige for miljø og økonomi, og kanskje til og med at Sogn kan vere nyskapande i arbeidet med å reinse avløpsvatnet før det hamnar i fjorden.

Avslutningsvis kan vi opplyse om kva som ligg i ryggmergen vår. Der ligg det ei tiltru til at administrasjonen utfører arbeidet sitt upartisk og at dei arbeider med kommunen sitt beste som mål. Og det vi veit er at notatet ifrå administrasjonen vil vere nøytralt, skrive utifrå situasjonen slik den er i røynda, og at det er dei folkevalde sjølve som legg retninga for det vidare arbeidet.

Kan vera første steg mot ny super-etat

Skal Sogndal-folk betale heile fjordrekninga?

Sogndal vatn og avføring AS?

🏷️ Extracted Entities (8)

Sogndal SV (organization) AS (organization) Høgre (entity) Arbeidarpartiet (entity) Framstegspartiet (entity) IKS (entity) Sogn (entity) Sognefjorden (entity)