Herold

Stengjer tunnel under brannøving

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Sigrid Nese Thue Published: 2026-05-22 16:23:06
Stengjer tunnel under brannøving

Statens vegvesen arrangerer, saman med naudetatane og Sivilforsvaret, fullskala brannvernøving i Fatlatunnelen tysdag 26. mai.

Tunnelen, på riksveg 13 mellom Leikanger og Sogndal, vert difor stengd mellom klokka 19.20 og 20.20 denne dagen.

Det vil vera manuell dirigering med ledebil klokka 18.50-19.20 (under rigging) og klokka 20.20-20.45 (under nedrigging).

– Me har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at me gjer dette nettopp for dei, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, med å halda tunnelane trygge, seier sikkerheitskontrollør Svein Rune Vie i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Vil bli ein del røyk

Statens vegvesen er ein del av den totalberedskapen i samfunnet. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.

– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med naudetatane og transportnæringa drillar me våre rutinar og sørgjer for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa.

Det vil bli brukt røykmaskin under øvinga, for å simulera røyk etter bilbrann i tunnel. Etter øvinga kjem røyken ut av tunnelen i begge retningar. Røyken vil vera synleg, men er heilt ufarleg og vil forsvinna raskt.

🏷️ Extracted Entities (6)

Fatlatunnelen (entity) Leikanger (entity) Sivilforsvaret (entity) Sogndal (place) Statens (entity) Svein Rune Vie (person)