Herold

Når «ganske bra» ikkje lenger held – kva skal Sogndal vere no?

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Jo Marius Bøyum Bøyabreen Published: 2026-05-22 17:26:35
Når «ganske bra» ikkje lenger held – kva skal Sogndal vere no?

I Sogn Avis kan me lese at «ein tredel av studentane har forsvunne frå Campus Sogndal dei siste ni åra», og at «skibygda Sogndal ikkje appellerer på same måten lenger».

Det er ikkje små justeringar me snakkar om. Det er ei utvikling som påverkar heile pulsen i bygda.

Høgskulen må tenkja nytt: – Skibygda Sogndal appellerer ikkje på same måten lenger

Eg var student i Sogndal frå hausten 2008 til 2011. Ein periode der det kjendest som om noko verkeleg levde. Eg var aktiv på Meieriet og var med og arrangerte Studentveka i 2009. Me arrangerte til og med bingo på eldresenteret. Det seier kanskje litt om kva slags miljø dette var – eit miljø som ikkje berre var for studentar, men som var vevd inn i heile bygda.

Ein møtte eit næringsliv som heia på oss. Folk stilte opp. Dørene var opne. Det var meir «kva kan me få til?» enn «kvifor går ikkje dette?». Det var ikkje perfekt. Men det var ekte.

I vinter var eg i Sogndal, på besøk hjå gode vener. Fleire av oss studerte der rundt 2007–2011. Nokre bur der framleis. Det som skulle vere ein heilt vanleg middag, gjekk over i ein lang diskusjon om Sogndal – før, no og framtida.

Den gjekk langt ut i dei seine nattetimar. For dette er ein plass me bryr oss om. Og spørsmålet som låg igjen på bordet, var eigentleg det same som artikkelen stiller: Kvar er studentane – og kvifor vel dei ikkje Sogndal lenger?

Artikkelen peikar på noko heilt sentralt: Fleire studentar vel no Bergen framfor Sogndal. Det er kanskje ikkje så rart. Studentane kjem ikkje av seg sjølve lenger. Dei vel. Aktivt. Då held det ikkje å vere «ganske bra». Då må ein vere eit tydeleg førsteval.

Det blir sagt i artikkelen at det som ein gong kjenneteikna Sogndal, ikkje fungerer på same måten lenger. Eg trur det handlar om meir enn ski og natur. Sogndal hadde ein gong ein pakke som var vanskeleg å slå:

– Sterkt studentmiljø.

– Tett kontakt mellom studentar og næringsliv.

– Natur som ein del av kvardagen.

– Og eit prisnivå som gjorde det mogleg å leve godt som student.

Når me no høyrer studentar seie at det kostar omtrent det same å bu her som i ein større by, skjer det noko ganske brutalt: Fortrinnet forsvinn. Då sit me igjen med eit heilt konkret spørsmål: Kva er det som er så bra her at eg vel dette framfor noko anna?

Artikkelen etterlyser omstilling og nytenking. Det er heilt rett. Men utfordringa er at dette ikkje er eitt problem som kan løysast med eitt tiltak. Dette er summen av mange små ting som har blitt litt svakare:

Miljø

Tilbod

Pris

Identitet

Oppleving

Og det er nettopp heilskapen studentane vel ut frå. Me spør – men tek me svaret på alvor?

Det blir ofte sagt at ein må lytte til studentane. Men det held ikkje å spørje – og så justere litt i margen. Me må vere villige til å ta konsekvensane av det me høyrer. Kva ønskjer dei unge i dag? Kva skal til for at dei vel Sogndal? Kva skal til for at dei blir verande etterpå? Og kanskje det viktigaste: Er me villige til å endre det som faktisk treng å endrast?

Dette er ikkje ein tekst om at alt var betre før. Men det ein gong var, var ein stad med ein tydeleg identitet – og eit studentmiljø som smitta over på heile bygda. Det kan ikkje kopierast tilbake. Men det må erstattast av noko som er minst like tydeleg.

Artikkelen slår fast at vi må bli meir attraktive. Det er sant. Men kanskje er det her det stoppar for mange. For det handlar ikkje berre om kva me skal gjere. Det handlar også om kven som får lov å forme retninga.

Skal me få det til, må fleire sleppe til. Ikkje berre dei same stemmene som alltid har meint noko. Men dei som kjenner studentlivet i dag. Dei som var der då det var på sitt beste. Dei som reiste vekk og kom tilbake. Dei som har etablert seg og framleis bryr seg.

For då Sogndal var på sitt beste, var det ikkje fordi alt var perfekt styrt ovanfrå. Det var fordi folk fekk sleppe til.

Det er ikkje sikkert problemet er at me manglar idear. Kanskje problemet er at me held for hardt i rattet.

Så spørsmålet er ikkje berre kva me skal bli. Det er også dette: Kven er det som faktisk får vere med å bestemme? For viss det framleis er dei same som alltid – då bør me ikkje bli overraska om resultatet blir det same.

🏷️ Extracted Entities (4)

Skibygda Sogndal (person) Bergen (entity) Meieriet (entity) Studentveka (entity)