Ferjetrøbbel: – Reservefartøy er på veg
Plus
Fjord1 jobbar for at A-ruta i Gjermundshamn – Varaldsøy–Årsnes kan starta opp igjen rundt klokka 11.
Oppdatert: Klokka 10.50 melder Fjord1 at det vert normal drift frå klokka 11.30 fredag. MF «Sogn» går inn for MF «Sildafjord» i A-ruta, melder Fjord1.
Torsdag ettermiddag fekk A-ruta i sambandet driftsproblem og blei innstilt. Det melde Fjord1 i ei melding klokka 15.43.
Vel ein halvtime seinare kom det ny melding om at trøbbelet også gjekk utover B-ruta i sambandet.
«Grunna driftsproblem i A-ruta blir det gjort endringar på neste avgang i B-ruta. Lærdal går mot Årsnes for å ta med seg gjenståande trafikk. Det må reknast med forseinkingar i B-ruta fram mot klokka 18.30», skreiv Fjord1 torsdag ettermiddag.
Om Jondal
Dette førte til ein underkapasitet i sambandet, og Fjord1 gjekk ut med ei tilråding om omkøyring.
«Det vert tilrådd å køyra om Jondal–Tørvikbygd om høve», skreiv Fjord1 på vegner av Skyss klokka 17.55.
Fredag morgon var det framleis trøbbel i sambandet.
«Grunna driftsproblem er A-ruta framleis innstilt. Reservefartøy er på veg og vi jobbar for at ruta kan starta opp igjen frå kring klokka 11», står det i ei melding frå Fjord1.