Herold

Kjempar mot utvising for barndomsløgn: Saka kan enda i Europa

Plus
Kilde: Hordaland Author: Ørjan Brattetveit Published: 2026-05-22 10:53:56
Kjempar mot utvising for barndomsløgn: Saka kan enda i Europa

Sawab og Hameed Khan Oryakhel har bestemt seg for å anka saka si til Høgsterett.

Torsdag ettermiddag møtte brørne advokat Felix Olivier Helle i Oslo.

Etter møtet blei det klart at dei ankar saka til Høgsterett.

Tidlegare i veka tapte dei mot staten i Borgarting lagmannsrett.

– Me har ikkje noko val. Kor skal me reisa? Me har jo ingen stad å reisa til, seier Sawab.

Advokaten seier:

– Me har vedteke å anka fordi me er usamde med lagmannsretten sin dom på fleire punkt, men me ynskjer ikkje å gå inn på ankegrunnane før anken er levert. Det vil skje innan fristen på éin månad frå domsavseiinga.

Han seier at dei er einige om å ta saka så langt som naudsynt.

– Dersom me ikkje vinn fram i Høgsterett tek me saka til den europeiske menneskerettsdomstolen. For denne saka handlar ikkje berre om oss. Det er mange som er i vår situasjon.

Dette er saka

«Flautt å be om pengar»

Å kjempa i retten er kostbart.

Dei er dømde til å betala 203.200 kroner i sakskostnader.

Derfor har Sawab oppretta ein Spleis.

– Eg har aldri likt å be om pengar. Eg synest det er flautt. Men eg har ikkje noko anna val slik situasjonen vår er no, seier Sawab.

Han seier at støtta dei har fått er svært viktig.

– Me hadde ikkje klart dette utan all støtta me har fått, seier Sawab.

Han har teke fagbrev og er i fast jobb. Hammed tek utdanning.

Ein usikker 14-åring laug

Årsaka til at dei risikerer å bli kasta ut av landet er at dei laug i asylintervjuet då dei kom til Noreg.

Dei sa som mindreårige at dei kom frå Afghanistan.

Sanninga er at dei er oppvaksne i eit flyktningmottak for afghanarar i Pakistan.

– Me visste ikkje kva me skulle seia, og me var oppmoda av andre til å fortelja at me kom direkte frå Afghanistan. Eg synest det er brutalt at ei løgn eg fortalde som ein usikker 14-åring, får slike konsekvensar.

Til Den europeiske menneskerettsdomstolen?

– Høgsterett får inn eit stort tal ankar, og dei aller fleste av desse ankane blir ikkje tekne til behandling. Statistisk sett er det derfor låg sannsynlegheit for at ei sak slepp inn, seier advokat Helle.

– Høgsterett har likevel fleire gonger teke inn utlendingssaker og har ikkje tidlegare behandla saker som gjeld afghanarar som er vestleggjorde. Når avgjerda om å anka saka er teken, er det fordi me meiner at dette er ei sak som Høgsterett bør sjå nærare på.

Han seier at dersom saka ikkje blir fremja til behandling i Høgstrett, kan brørne klage saka inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen.

– Domstolen behandla nyleg ei sak mot Sverige der dei mellom anna skreiv dette om retur av afghanarar med lang opphaldstid i Vesten.

Her peika domstolen på at heimvende asylsøkjarar frå Europa kan vekkja mistanke fordi dei kan mellom anna bli oppfatta som påverka av vestleg livsstil.

Det finst rapportar om at naboar og lokalsamfunn granskar åtferda til returnerte personar og legg merke til små endringar, som kan føre til mistanke og konfliktar.

Vidare viser domstolen til at sjølv berre mistanke eller rykte om blasfemi eller konvertering kan få alvorlege konsekvensar, inkludert drap eller andre brot på menneskerettane. Dette støttar konklusjonen om at også små åtferdsendringar eller rykte om aktivitetar i Vesten kan trekkje negativ merksemd frå Taliban eller lokalsamfunnet.

Domstolen viser òg til at endringar i språk og væremåte kan skje utan at personen sjølv er klar over det, og at dette kan føre til at ein utilsikta bryt reglar i lovverket.

Ei iskald straff for eit barns feil

Dom i saka om Sawab og Hameed: – Heilt forferdeleg

🏷️ Extracted Entities (15)

Sawab (entity) Europa (entity) Høgsterett (entity) Afghanistan (entity) Felix Olivier Helle (person) Hameed Khan Oryakhel (person) Vesten (entity) Borgarting (entity) Høgstrett (entity) Noreg (entity) Oslo (place) Pakistan (entity) Spleis (entity) Sverige (entity) Taliban (entity)