Russebil fekk bruksforbod: – No er det nok
Plus
– Me har stor forståing for at russen vil ha det moro, men det finst ei grense, og den har me nådd no.
Dei siste vekene har politiet motteke klagar på støy frå russen sine køyretøy.
Ifylgje politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand hjå Voss politistasjon er folk plaga både på sein kveld og natt med svært høg musikk.
– Me har vore i dialog med russen gjennom russepresidentane og med sjåførar og passasjerar i russebilane direkte. Me har oppmoda til fornuftig åtferd, men no er det nok, seier han.
Smartembed for https://www.avisa-hordaland.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=442470
I 23.30-tida torsdag rykte politiet ut der rundt ti russebilar var samla utanfor Voss sentrum.
– Støyen var langt over det som er normalt, og langt over det som er tillate. Ein russebuss fekk også bruksforbod på grunn av ulovleg montert aggregat på taket, opplyser Aarsand.
Det var kontrollørar frå Statens vegvesen som utførte kontrollen, og som gav bruksforbod.
Oppmodar til bilete
– På det jamne er russen ei veldig hyggjeleg og uproblematisk gruppe, som me har god dialog med, men så er det nokon som med si åtferd gjer at det er lett å stryka alle med den same kammen.
Det meiner Aarsand er urettferdig.
No går me inn i ei pinsehelg, og politiet oppmodar dei som opplever støyen om å ta bilete og notera ned registreringsnummer.
– Det er ikkje ofte eg oppmodar til å ta bilete, men på den måten får me snakka med dei riktige, seier han.
Politiet oppmodar også om å ringja til 02800.
– Me kan ikkje garantera at patruljen har kapasitet, men det er viktig for oppfylging slik at me kan ta direkte kontakt med dei som står for støyen.
Kontrollerer også andre
Det kjem også meldingar til politiet om støy, uro og farleg køyring med moped, MC og ATV.
– Me handterer desse på same måte; kontrollerer, formanar og i nokon tilfelle reagerer, seier Aarsand.
– Har full forståing
Russepresident på Voss vidaregåande skule, Tuva Solstad, seier ho skjønar frustrasjonen.
– Det er ikkje ynskjeleg at heile Voss skal hata oss, og me må skjerpa oss for å få eit betre rykte. Men eg blir også litt irritert på vegner av all russ, for det er dei med størst og best anlegg som øydelegg for alle.
Smartembed for https://www.avisa-hordaland.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=546339
Ho er glad for at politiet er på ballen.
– No skal me russepresidentane minna folk om at når me køyrer rundt etter klokka 23, så skrur me ned. Det er folkeskikk, og slik det skal vera, seier Tuva.
Slit med å finna plass
Synva Solstad, russepresident på Voss gymnas, seier det er fordelar og ulemper med at russetida er forskyvd.
– Me ser at elevane ikkje tek skulen så seriøst no. Me er ferdige med eksamen, og mange tenkjer at ein kan ta det heilt ut på fest ein vanleg kvardag.
Smartembed for https://www.avisa-hordaland.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=546396
Ho seier ho får klump i magen når eg får masse mail om støy og bråk.
– Eg går og ryddar etter folk, og prøver stadig å minna folk på at dei må skru ned musikken. Eg vil at folk skal sitja igjen med eit godt inntrykk av kullet mitt, seier Synva.
Russen i år uttrykkjer også at dei slit med å finna seg ein plass der dei kan opphalde seg, utan å forstyrra nabolag og bustadområde.
– Me har høyrt kvar andre russekull har vore; på Istad, i Bavallen og ved idrettshallen. Men me må berre halda fram med å minna folk på at ein kan ha det kjekt utan fullt volum. Barnefamiliar og andre skal ikkje liggja vakne til langt på kveld, fordi russen står utanfor, seier ho.
Marita Saue Skjoldli bio2
Smartembed for https://services.api.no/api/componenthub/v1/dashboard?component=reels-carousel_reelsCarousel&publication=www.avisa-hordaland.no&tag=reel&title=Har+du+f%C3%A5tt+med+deg+desse%3F&limit=20&source=www.avisa-hordaland.no