Herold

Kan bli tekne ut i streik

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2026-05-22 12:11:53
Kan bli tekne ut i streik

Tilsette i Ulvik herad, Eidfjord kommune og Ullensvang kommune kan bli tekne ut i streik.

Dersom KS og LO ikkje blir einige om lønsoppgjeret med hjelp frå riksmeklaren, kan 496 tilsette i Vestland bli tekne ut i streik.

Av desse er det seks medlemar frå Ulvik herad, sju medlemar frå Eidfjord kommune og 25 medlemar frå Ullensvang kommune.

– I fyrste omgang har Fagforbundet varsla streik i administrasjonen og kulturarbeidarar i kommunane, opplyser Ørjan Myrmel, fylkesleiar i Fagforbundet Vestland i ei pressemelding.

Tysdag 26. mai startar sluttspurten i meklinga mellom LO Kommune og arbeidsgjevarorganisasjonen KS, og fredag 29. mai kan det bli streik om partane ikkje kjem til einigheit.

Marita Saue Skjoldli bio2

Her streikar Eyasu og Shewit

🏷️ Extracted Entities (10)

Fagforbundet Vestland (person) Dersom KS (organization) Eidfjord (place) LO Kommune (organization) Ullensvang (entity) Ulvik (place) Eyasu (entity) Marita Saue Skjoldli (person) Shewit (entity) Ørjan Myrmel (person)