Herold

«Små» bruk blir tvinga til å legge ned

Kilde: GD Author: Steinar Moen, småbrukar, Sjoa Published: 2026-05-22 07:32:06
«Små» bruk blir tvinga til å legge ned

Framtida for dei «små» bruka i landet vårt er staka ut. Regjeringa, ved Staten sitt forhandlingsutval, gjekk inn i Jordbruksoppgjeret med krav basert på at «små» bruk skal bli tvinga til å legge ned.

Verkemiddelet er mellom anna å kutte i tilskotet til alle bruk i Innlandet som driv med grovforproduksjon på mindre enn 333 dekar. Med 333 dekar blir tilskotet uendra.

Det betyr null kompensasjon for sterkt aukande kostnadar, men derimot redusert tilskot i 2026 for dei aller fleste. Dette må resultere i den største strukturendringa i norsk landbruk på fleire tiår. Bruksnedlegginga vil måtte akselerere. Marginal jord må brakkleggast.

Småbrukarlaget opplyser at dei vart tvinga til å gå med på dette mot sin vilje, under trugsmål om større konsekvensar for dei små bruka dersom dei braut.

Ein må legge til grunn at den politiske intensjonen om å kvele dei «små» bruka økonomisk meir enn dei blir frå før, er basert på ei brei konsekvensanalyse. Spørsmål til Arbeidarpartiet er no:

Kva for konsekvensar får nedlegging av bruka som driv grovforproduksjon på under 300–400 dekar for Innlandet og Gudbrandsdalen spesielt?

Kva betyr dette for sysselsetting, busetting, sentralisering og beredskap?

Korleis kan dette grepet bli vridd til slagord som «auka matberedskap», «auka sjølvforsyning» og «små og store bruk over heile landet» i reklama?

🏷️ Extracted Entities (6)

Små (entity) Innlandet (entity) Arbeidarpartiet (entity) Gudbrandsdalen (entity) Jordbruksoppgjeret (entity) Staten (entity)