Politilogg: Ein sjåfør var usikker på høgrekøyring og ein annan køyrde for stor MC
Plus
Torsdag fekk Hardanger politistasjon melding om ein vinglebil, og ein patrulje fekk stoppa den på vestsida. Det viste seg å vera ein indisk familie, som verken var vane med smale vegar eller høgrekøyring.
– Det vart oppmoda om å sleppe forbi trafikken som kom bak, opplyser Morten Fosse, straffesaksansvarleg ved Hardanger politistasjon.
Seinare på dagen vart ein lett motorsykkel stoppa i Odda sentrum, og det viste seg at sjåføren ikkje hadde gyldig førarrett for denne klassen. Sjåføren skal ha erkjent dette, og vert meld for køyringa.
Natt til fredag vart ein person innlagt på Odda sjukehus, og oppførte seg slik at det var trong for vakthald. I samband med dette henta politiet inn ein softgun på ei annan adresse, men saka vert truleg ikkje meld.
Ein person var sentral i fleire politimeldingar