6300 ledige jobbar i Vestland: Særleg helse og bygg ropar på fagfolk
Plus
Vestland har stor mangel på arbeidskraft, viser årets bedriftsundersøking frå Nav. I kinn stod 144 stillingar ledige ved utgangen av april.
Kvar fjerde arbeidsgivar har ikkje kome i mål med rekruttering. Framfor alt manglar det folk med fagbrev til helsesektoren og bygge- og anleggsbransjen.
Nav si bedriftsundersøking viser kva verksemdene ventar av arbeidsmarknaden det neste året. 1 100 bedrifter i Vestland svarte på undersøkinga, både private og offentlege.
– Fylket vårt skil seg ut med aller størst mangel på arbeidskraft i landet. Denne tendensen har vi sett lenge, og i år manglar Vestland om lag 6 300 personar i arbeid, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland i ei pressemelding.
Nav har registrert fleire utlyste stillingar enn ledige jobbsøkarar kvar månad så langt i år.
I Kinn kommune er tala noko annleis. Ved utgangen av april var 278 registrerte som heilt ledige i Nav-statistikkane. På same tidspunkt var det 144 ledige stillingar totalt i kommunen.
I Bremanger var 31 personar heilt ledige, og det var 21 utlyste stillingar.
Mistar arbeidskraft frå Aust-Europa
Mangelen på kvalifisert arbeidskraft er klart størst i helse- og sosialsektoren. Også innan bygg og anlegg slit verksemdene med å få tak i nok fagarbeidarar.
Heile 45 prosent av verksemdene i Vestland etterspør kandidatar med fagbrev.
– Mange aktørar i bygg og anlegg har hatt tøffe tider etter den pengepolitiske innstramminga dei siste åra, samstundes som dei manglar fagfolk. Vi ser dette i samanheng med lågare tilgang på utanlandsk arbeidskraft, særleg frå Aust-Europa, seier Hysing-Olsen.
Kvalifiserer kandidatar på arbeidsplassen
Både elektrikar, tømrar og helsefagarbeidar ligg høgt på lista.
Nav samarbeider med Vestland fylkeskommune og ulike bransjar om kvalifisering for å matche kandidatar som ønsker seg ut i jobb med bedrifter som treng arbeidskraft. Blant desse er Menn i helse og Fagveg.
– Bedriftsundersøkinga gir oss verdifulle tilbakemeldingar for å kunne forme tenestene og utvikle samarbeidet med arbeidsgivarane. Samstundes må vi ta høgde for at behovet deira kan endre seg raskt på grunn av politisk og økonomisk uro i verda, seier Hysing-Olsen.
Om bedriftsundersøkinga