Herold

Florø er i ferd med å miste noko vi aldri får tilbake

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Ingrid Stavang Published: 2026-05-22 07:56:49
Florø er i ferd med å miste noko vi aldri får tilbake

Eg kjenner på ei stor fortviling over det som skjer med naturen rundt Florø. Bit for bit blir byen vår ramma inn av industri. Både frå nord og sør. Holmar og skjær som før var grøne og levande, er sprengde i fillebitar og erstatta av noko hardt og grått; asfalt, steinmassar og vegar. Frå Storåsen, Brandsøyåsen eller fjella rundt byen ser vi alt dette gråe og triste.

Og no skal det bli endå meir.

Eg kjenner megikkje berre lei meg, men også makteslaus. For sjølv om mange reagerer sterkt på utviklinga, sit eg att med ei kjensle av at dei demokratiske prosessane ikkje fungerer slik dei burde i slike saker. I ein liten kommune og eit lite kommunestyre blir det lett habilitetsutfordringar. Folk må vike plassen sin, og avgjerder blir tekne av et fåtal menneske i saker med enorme og irreversible konsekvensar.

Samtidig har næringslivet sterke ressursar. Dei har tid, pengar og kompetanse til å drive lobbyverksemd, lese seg opp på kompliserte sakspapir og påverke prosessane over lang tid. Vanlege innbyggjarar står ofte på sidelinja. Dei fleste av oss har verken kapasitet eller fagkompetanse til å sette seg inn i hundrevis av sider med utgreiingar og planar, sjølv om konsekvensane vil prege lokalsamfunnet vårt for alltid.

Då eg gjekk til valurnene sist, visste eg ikkje at denne saka kom til å bli avgjort no. Eg visste heller ikkje den gong kva politikarar som ville vere for eller mot ei slik utbygging og eit slikt naturinngrep. Det trur eg ikkje mange andre visste heller.

Derfor syns eg vi må stille nokre prinsipielle spørsmål: Skal så store og irreversible naturinngrep kunne vedtakast med simpelt fleirtal? Burde ikkje slike avgjerder vere forankra i eit breitt fleirtal i kommunestyret? Eller kanskje aller helst: burde ikkje store irreversible inngrep, som endrar naturen vår for alltid, vere grunnlag for lokal folkeavstemming?

Industri og bustad er ein dårleg kombinasjon. Støy, lys og støv påverkar livskvaliteten til dei som bur i nærleiken. Industri høyrer heime i område som er etablerte for slikt føremål skjerma frå buområde, og ikkje i urørt eller sårbar natur tett på folk sine heimar og friluftsområde.

Natur er ikkje ein fornybar ressurs når den først er sprengd bort. Det vi mistar no, kjem aldri tilbake.

🏷️ Extracted Entities (3)

Brandsøyåsen (entity) Florø (entity) Frå Storåsen (person)