Rykte ut til automatisk brannalarm i Førde
Plus
Brannvesenet måtte rykke ut til Solvang i Førde. Kva som utløyste alarmen, er ukjent.
– Vi rykker ut etter ein automatisk brannalarm, fortel Tore Fanebust, vaktleiar ved 110 Vest fredag ettermiddag.
Vaktleiaren fortel at alarmen har gått i Solvang-området i Førde.
Innleiingsvis fortale vaktleiaren at det etter alle solemerke framstod som lite dramatisk, men som alltid: Utrykkinga går ut.
På staden, som var ei privatadresse, viste det seg å vere lite spor etter brann eller røyk. Faktisk var det lite svar å få kring kva årsaka var i det heile.
– Alarmen synte seg å vere utløyst utan påviseleg grunn, seier Fanebust.
Han fortel at brannvesenet difor har køyrt i retur.
🏷️ Extracted Entities (4)
Solvang-området i Førde
(organization)
Tore Fanebust
(person)
Solvang
(entity)
Vest
(entity)