Lokalt selskap skal gjere grunnarbeidet på den nye Alversund-brua
Plus
Romarheim-konsernet har fått oppdraget med å gjera grunnarbeidet til den nye Alversundbrua. Planlegginga er alt i gang, og Romarheim AS vil starta arbeidet i marka i løpet av hausten 2026
Det er det internasjonale Implenia-konsernet, gjennom sitt norske dotterselskap Implenia Norge, som har totalentreprisen på bruprosjektet.
Etter kvart vil ei rekkje underentreprenørar verta kopla på, og mellom dei altså Alver-bedrifta Romarheim, med base i Galteråsen berre ein kilometers veg frå det nye brufestet.
Romarheim-konsernet vart etablert så nyleg som i 2011, som Romarheim Forskaling AS, og har raskt vakse til ei stor verksemd med mange forgreiningar. Konsernet har i dag 170 tilsette og er involvert i ei rekkje veg- og byggeprosjekt mange stader i landet.
Planlegg detaljane
– Romarheim har bidratt gjennom hele tilbudsfasen, og vi er nå sammen med Implenia og Norconsult AS i gang med detaljprosjekteringen av anlegget, skriv konsernleiinga i ei melding.
– Oppstart på anleggsplassen er planlagt i løpet av høsten 2026.
Konsernet understrekar at bygginga av ny Alversund-bru er eit prosjekt dei gleder seg over å vera del i.
– Dette er et prosjekt vi synes det er ekstra kjekt å få bidra på, heiter det i meldinga.
Viktig og nær
– Ikke bare fordi det er et viktig samferdselsprosjekt for regionen, men også fordi det skjer rett i nærheten av hovedkontoret vårt i Alversund.
– Vi takker Implenia for tilliten, og gleder oss til å gå i gang med arbeidet, skriv Romarheim-konsernet til slutt i meldinga om bru-kontraken.
Den nye Alversund-brua skal stå ferdig i 2030, når den gamle brua frå 1958 vert stengt for trafikk.
Vestland kommune er byggherre og det er som nemnt Implenia Norge som har totalentreprisen på prosjektet. Den nye brua er kostnadsrekna til 920 millionar kroner, og skal opnast til sommaren 2030, om alt går som planlagt.
Slik blir den nye Alversundbrua: Skal jekkast på plass i spektakulær operasjon