David oppsummerer sesongen så langt: – Varselslampane lyser
Plus
Nh sin fotballekspert, David Olsen Flatøy, kjem med følgjande statusrapport etter første del av vårsesongen:
NBK - solide og pragmatiske
NBK har starta akkurat slik vi såg for oss. Eit godt hardtarbeidande mannskap som er ekstremt lojale til planen som blir gitt før kamp. Har hatt gode resultat utan å overbevise noko særleg. Hatt utfordring med nokre skadar, men viser styrke med ein sterk tropp, der dei som kjem inn ikkje gjer seg bort.
Vunne alle heimekampane med kontroll og vore svært bra borte. Er ekstremt jamnt i toppen og dei to neste bortekampane mot Nest-Sotra og Bergensdalen vil gi mykje svar på kor vi kan sjå for oss dette NBK-laget på hausten. Framover ønsker eg å sjå eit lag som speler på sine eigne premiss framfor motstandaren sine. Når ein som tilskodar ønsker å komme på kamp på Knarvik stadion ønsker ein å sjå eit lag som skal dominere og styre kampen.
Smartembed for https://livecenter.nifs.no/module/table/1/701155/?hideSearch=1&theme=light&height=800
Kvernbit-trøbbel mot dei gode
Kvernbit overbeviser mot svak motstand, men trøblar mot dei gode.
Kvernbit har til tider herja over svak motstand og hatt god kontroll i dei fleste kampane. Stygt bananskal borte mot Laksevåg, der fire personlege feil kostar dei poeng. Og heime no sist mot Vadmyra skal dei vere glad for å ta med seg det eine poenget.
For Kvernbit sin del er det også ei utfordring med skader på nøkkelspelarar som er vanskelege å erstatte.
Er bra med ball og skaper mange sjansar og er underhaldande å sjå på. Men utan ball er det fleire utfordringar. Heng for så vidt greitt med i toppen, der det ser ut som at dei må sikte seg inn på ein 2.plass for direkte opprykk.
Krise - men framleis håp
Varselslampane lyser raudt for Austrheim og Radøy i botn av 5.divisjon.
Andrelag som slepp til for lett, og samtidig skaper for lite sjølv. Då blir det vanskeleg å hente med seg poeng.
Er nokre gode prestasjonar frå laga til tider, men dei slit med å halde 90 minuttar. Det som kan redde begge laga frå nedrykk er at laga rundt skal vere mogleg å hente poeng frå. Så møtes jo begge lag snart, og det blir ein nøkkelkamp for korleis resten av sesongen kan sjå ut. Men slik det står no så malar vi med svart over dei to naboklubbane.
Smartembed for https://livecenter.nifs.no/module/table/1/701203/?hideSearch=1&theme=light&height=800
Masfjorden går tom for bensin
Bra start, men for lite kontinuitet.
Speler jamne kampar der dei har starta bra, men gått tom for bensin og tapt alle 2.omgangane. Har også spelt fire bortekampar og veit at det er på heimebane dei skal hente poenga sine. Så her er det vel akkurat slik som det pleier for Masfjorden. Skal kunne klare å komme seg opp på tabellen fram til sommaren.
Kvernbit sine nest beste har starta betre enn NBK sine rekruttar.
Kvernbit 2 ligg solid an til å kunne få opprykk dersom Kvernbit sitt A-lag også skal rykke opp.
For rekruttane til NBK ser det hakket verre ut. Er eit ungt lag som ofte blir kriga ut av stilen og slepp inn for lette mål med typiske juniorfeil. Då blir det vanskeleg å rykke opp og skape ein betre kamparena for NBK sine reservar.
7.divisjon - der alle slår alle
I 7. divisjon har Nordre Holsnøy starta greit, fått tilbake nokre spelarar og moglegheit for opprykk er absolutt til stades i ligaen der alle slår alle.
Det same gjeld for Lindås som må fortsette å bruke rutinen sin for å hente resultat. Gjorde eit sjakktrekk sist som alle trenarar nokonsinne i Nordhordland har gjort ved å sette evigunge Yngve Njøten på topp, då blir det som regel mål og tre poeng.
Kvinnene kjem
For NBK/Kvernbit kvinner var det ein dårleg start, men dei har begynt å finne både form og fasong.
Mykje bra å hente frå dei to siste kampane. Har lært frå dei to første og ser betre og betre ut. Håper og trur dei kan hente fleire gode prestasjonar før sommaren, og då vil resultata komme.