Kvar er den førarlause båten?!
Plus
Dette er historia om den hektiske jakta på ein båt utan styrmann.
Den siste tida har det tøffa ein førarlaus båt rundt ved Mongstad. Og fredag klokka 10 gjekk den frå kai på anlegget og sette kursen mot Bergen.
Avisa fekk tips om det spesielle fartøyet som var på vatnet og det er sjølvsagt noko vi må få med oss.
Gjennom formiddagen følgde eg nøye med på Marine traffic, ein nettstad der ein kan overvake skipstrafikken. Sakte, men sikkert så eg den gule pila som representerte båten ved namn, «USV Paso», bevege seg rundt Fonnes, gjennom Mastrevikane og forbi holmane.
Stadig kom den nærare Alverstraumen, staden eg hadde planlagt å ta bilde av den uvanlege båten.
Då eg såg at den ikkje var komen lenger enn til Feste, fann meg ein kaffi og byrja å tenke på andre ting. Det skulle eg ikkje ha gjort.
I neste augeblikk hadde den tydelegvis fått opp farten og no var den komen heilt til Sellevoll og eg var framleis på kontoret i Knarvik.
Inga tid å miste
Eg kasta meg i bilen og køyrde i 61 i 60-sona utover. Eg parkerte ved bustadkomplekset ved Alversundbrua og sprang ned til kaien.
Men alt eg såg var holmar, eit naust og brytningane i vatnet i straumen. Eg fiska kjapt opp telefonen og kunne skuffa konstatere at båten akkurat hadde passert.
Dermed sprang eg opp trappene og kom meg ut på vegen igjen. No var planen å køyre under Hagelsundbrua og gå ned til den kjende fiskeplassen ved sjøen.
Men på Alverflaten kom det ein brannbil mot meg med blålys. Og ein brannutrykking prioriterast trass alt høgare enn ein førarlaus båt.
Etter ein telefon inn til redaksjonen og deretter vakthavande hos brannvesenet fekk eg bekrefta at det var falsk alarm.
Men no låg eg endå lenger bak og Hagelsundet verka urealistisk.
Eg svinga difor ned til Isdalstø og sprang ut på kaien. Der fekk eg auge på båten langt, langt vekke, heilt inne ved Flatøy.
Men ein liten prikk på eit bilde var ikkje det eg hadde kome for.
Plan C og D
Neste plan var difor å køyre til Flatøy, for det verka som den held seg inne ved land. Men det er lenge sidan dei store båtane gjekk langs Flatøy. Etter at Nordhordlandsbrua kom seglar alle naturleg nok gjennom opninga i Hordvik.
Dermed var min siste sjanse å dra til kystfortet og rekke båten akkurat i det den passerte.
På vegen over brua følgde eg båten i sidesynet og kom fram til at det kunne gå. Kanskje.
Framme i Hordvik hasta eg ut av bilen og fram til kanonstillinga. Der såg eg den, min personlege Moby Dick, som cruisa stødig gjennom vatnet. Den som såg ut som ein heilt vanleg båt, men utan nokon på dekk og ingen i førarhuset.
Eg fekk til slutt av dekselet på kameraet og endeleg fanga eg båten i linsa. Så her er den «USV Paso», som er av typen Mariner X:
Informasjonsleiar i Equinor på Mongstad, Benedikte Fanebust Søreide, fortel at selskapet nyleg har skaffa seg fartøyet og at dei er i gang med å teste kva dei kan bruke den typen teknologi til.
– Vi ser eit potensial for å redusere eksponering i risikoutsette område, effektivisere operasjonar og utvikle nye måtar å løyse maritime oppgåver på, seier ho.