Båtulukka ved Smøla: Politiet meiner kantring i høg sjø var årsaka
Plus
Møre og Romsdal politidistrikt har etterforska ulukka der tre utanlandske fisketuristar omkom på havet utanfor Smøla tidlegare i mai. Politiet konkluderer med at hendinga framstår som ei tragisk ulukke.
Det var like før midnatt søndag 10. mai at operasjonssentralen fekk melding om at eit turfølgje med tre fisketuristar ikkje hadde returnert som planlagt. Ein omfattande leiteaksjon vart sett i verk i samarbeid med dei andre naudetatane, der både redningshelikopter, redningsskøyte, Kystvakta og frivillige deltok i søket.
Nokre timar seinare, natt til måndag 11. mai, vart alle dei tre turistane funne livlause i sjøen av redningshelikopteret. Alle hadde på seg flytedressar.
Identitet og nasjonalitet er stadfesta
Dei omkomne er tre menn i 60-åra. To av mennene er frå Tsjekkia, medan den tredje er frå Slovakia.
– Nasjonalitet og identitet er stadfesta, og pårørande er varsla, seier politifullmektig Lotte Eriksen Reitan i Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding politiet har sendt ut fredag.
Krevjande forhold for mindre båtar
Båten til turfølgjet vart lokalisert av Kystvakta dagen etter ulukka. Det dreiar seg om ein mindre aluminiumsbåt med ein motor på 60 hestekrefter. Det er ikkje funne teikn til at båten har støytt på grunn eller vore i kontakt med skjer.
– Vêrforholda var krevjande for mindre båtar utanfor skjergarden denne dagen, forklarer Eriksen Reitan i pressemeldinga frå politiet.
Ingen kritikk mot båtutleiga
Den førebels obduksjonsrapporten viser at dødsårsaka truleg er drukning. Politiet vurderer at det ikkje er grunnlag for vidare etterforsking basert på dei undersøkingane som er gjorde, men dei avventar den endelege obduksjonsrapporten.
– Hendinga framstår som ei tragisk ulukke der båten har kantra som følgje av høg sjø, seier Eriksen Reitan i pressemeldinga frå politiet.
Etterforskinga har heller ikkje avdekt kritikkverdige forhold knytt til båtutleiga.
🔗 Related Articles (1)
View Graph