Folkeskikk og toleranse
Folkeskikk og toleranse
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Despotar, tyrannar og rabiate diktatorar av verste slag har beviselig og faktisk fått støtte frå skarer med fascistiske - og høgreekstreme sympatisørar, velvillige tilhengere og høglytte klakørar i hopetal.
Der manipulerande propaganda - og intens hat vart retta systematisk mot demokratier, personar, politikere, institusjonar, folkegrupper og nasjonar.
Andre verdenskrig med Nazi-Tyskland og Hitlers umenneskelige krigføring, var den dødeligste og mest øydeleggande konflikten i menneskehetens historie. Som totalt kosta omlag 73 millionar mennesker livet. Dei sivile tapa var 48 millionar menneskeliv.
Svært mange (også norske) både støtta, forherliga og ønska Hitlers forkvakla ideologi og meiningslause krigføring velkommen. Nazi-Hitlers målsetting var å skape ein ny verdensorden prega av tysk hegemoni med dominerande makt i Europa. Som det heldigvis og takk for det, ikkje vart noko av.
Vi fekk ei alvorlig påminning fredag 22. juli 2011. Då blei Norge ramma av to brutale terrorangrep. Bombeangrepet på regjeringskvartalet og massedrapa på Utøya er dei verste terrorhandlingene i Norge etter andre verdenskrig. Der 77 uskuldige personar vart brutalt drept.
Massakren var motivert av eit ideologisk hat, ytre høgre retorikk - og konspirasjonsteoriar av verste slag.
Norge er utan tvil ein god trygg - og i stor grad ein velfungerande velferdsstat. Som det har tatt generasjoner og tiår for å få på plass. Alle våre gode demokratiske rettigheter - og plikter som vi kanskje tek som ein selvfølge, har sjølvsagt ikkje kommet på plass av seg sjølv. Men det meste om ikkje alt, er kjempa fram takket være modige, visjonære og framsynte politikere.
FNs levekårsundersøkelser utført blant verdens 193 nasjonar har alltid plassert Norge i verdenstoppen av blant andre Human Development Index, Status (2024/2025/2026): Norge er heilt i verdenstoppen,
Nokre sitatet : «Norge rangeres på topp for beste stad å jobbe og bu i. Norge tilbyr høg levestandard, sterke økonomier, ein utmerket balanse mellom arbeid og privatliv, robuste trygdesystemer og inkluderande, mangfoldige arbeidsmiljøer”sitat slutt.
Sjølvsagt er ikkje alt perfekt i Norge. Men er rimelig sikker på at dei ansvarlige partia ( med unntak av dei populistiske) på Stortinget, vil gjere nødvendige tilpassingar eller forandringar som ofte er nødvendig i ein velferdsstat. Den perfekte stat, kommune, familie, enkeltindivid eller grupperinger er det sannsynligvis ein umulighet å få til. Men ei ambisiøs målsetting må vi ha.
No har verden dessverre fått «nye» meiningslause despotar å forholde seg til i Europa, Midtøsten og andre stadar. Maga-bevegelsen vart popularisert av Trump. Det fekk entusiastiske ytre høgre politikere - og jublande støttespillere til aktivt å få denne bevegelsen populistiske innhald - også til Norge. No er normal politisk debatt og uenighet blitt erstatta av elendighetsbeskrivelser, massivt hat, sinne - og uverdig personhat av verste slag. Som vi både ser og høyrer meiningslause eksempel på gjennom sosiale medier og i kommentarfelta. Der uverdige karakteristikkar og fiendtlige påstandane vert retta ukritisk og usant mot namngitte personar i tusental. Der også fedre, mødre og besteforeldre utan nevneverdig blygsel, viser fram sin manglande folkeskikk - og dårlige oppførsel retta mot andre på sosiale medier. Forbetringspotensialet er i hvert fall stort.
Innhaldet og propagandaen har vore brukt før - og det enda ikkje bra. Tvert i mot. Det er kanskje på tide å seie i frå at nok er nok.
Bernhard Riksfjord.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal